Tilbake

Undersøkingar på Årdal, Rydjejorda og Liberstølen

Mastergradsoppgåve

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF), ved professor Ingvild Austad, har engasjert seg i kulturlandskapet rundt gården Årdal. For tida vert kulturlandskapet og vegetasjonen på innmarka i Årdal undersøkt av ein masterstudent, Anne-Lise Koller frå Universitet for miljø- og biovitenskap (tidligare Norges Landbrukshøgskole). Professor Ingvild Austad er vegleiar medan professor Knut Rydgren, HSF, hjelper til med statistisk handsaming av materialet. Høgskulen i Sogn og Fjordane dekkjer opphald og kost ved feltarbeidet og finansierer jordprøver.

Vegetasjonshistorisk undersøking

Professor Austad har bede vegetasjonshistorikar Mons Kvamme om å vurdere området historisk og å sjå på åkerareal i høve til alder på drift og eventuell busetting.

I mai 2007 vart det difor laga fleire prøvestikk og teke ut kull for C14-datering. Dette for å få nokre haldepunkt om alderen på dyrkingslaga i Årdal og Rydjejorda. I tillegg vart det vurdert om det også skal gjennomførast vegetajonshistorisk undersøking av området rundt Liberstølen (pollendiagram). Også her skal det tidligare ha vore fast busetting. Førebels reise- og opphaldsutgifter for Mons Kvamme, samt utgifter til C14-datering vert dekka av HSF.

Oversikt over tidligere åkerareal i Aardal

Av Anne Lise Koller, Universitet for miljø- og biovitenskap