Aardalens Venner © 2007          Bankkonto 3790 13 23209
Organisasjonsnr.: 991 261 818




 

Referat frå styremøte
12. mars 2017


Framside ---- Organisasjon ---- Dokumentasjon ---- Tiltak ---- Vegetasjon ---- Kart ---- Bilete
 

Garden Aardal

Garden Aardal ligg veglaus til, i eit mektig natur- og kulturlandskap, med utsikt rett mot klosterøya Selja.

Garden vart fråflytta så seint som i 1957. Etter den tid har det vore sparsamt med vedlikehald på bygningane, og driftsbygningane er dessverre borte alt.

Garden Aardal er eit typisk vestnorsk gardstun, med historie langt attende i tid. Det har vore svært karrig jord og tungt å hauste mellom steinurene, men dei gode fiskeområda rett utanfor har vore ei viktig næringskjelde. Garden hadde óg husmannsplass - Rydjajorda. Det som gjer tunet spesielt i dag er at det ikkje har vore maskinell drift i det heile og bygningsmiljø og kulturlandskap er difor svært autentisk.

Dei to våningshusa på tunet står på høge steinmurar med kjellarrom under. Begge er sannsynlegvis oppført etter 1850, men tømmerkjernen kan vere gjenbruk frå bygningar som stod der frå før.

Geitafjøsen er ein 1-etasjes bygning, bygd i stein og er spesielt interessant fordi fjøsinventaret er autentisk og intakt.

Bøane i Aardalen er endå for ein stor del fin natureng, takka vere beiting. Våren er ekstra fin med hundretals bukettar med kusymre i skråningane. Oppunder fjellet står ein fin lerke- og furuskog. Ei elv deler bruket.

Frå Skårbø, som ligg 5 km frå Selje sentrum, er det ein kort tur i lett terreng ut til Aardal. Turen er i seg sjølve ei oppleving. Stranda utover er sørvend og lun, noko som pregar vegetasjonen. I fjøra er det fine steinheller, svaberg, kulpar og rullestein.

19. januar 2009:

Aardalen er med i ny nasjonal plan for kulturlandskap

Statens Landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har på vegne av Landbruks- og matdepartemenetet (LMD) og Miljøverndepartementet (MD) utarbeidd ein rapport «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket». Rapporten vart like før jul (22.12.2008) oversendt til oppdragsgjevaren.

I rapporten er det føreslege at 20 områder i Norge skal skal takast vare på, fordi dei i seg sjølv representerer særeigne kulturlandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar. Vidare er det for desse områda mogeleg å få til «langsiktig skjøtsel og vedlikehold».

I Sogn og Fjordane er det to område som er utvalde/prioriterte: Hoddevik – Liset (Selje kommune) og Grinde – Engjasete (Leikanger kommune). For vårt område er det føreslege ei investering på 6 mill. kr til bygningar, same sum til andre kulturminner, og årlege driftskostnader på 1,4 mill. kr (drift/vedlikehold).

Endå veit vi ikkje korleis dette vil påverke arbeidet vi gjer i Årdalen praktisk og økonomisk, men vi reknar med at det blir ei avklaring på det etter kvart.

For dei som vil lese heile rapporten, ligg denne under fana «Dokumentasjon» på heimesida vår.

 


Kusymre (primula vulgaris)

I dei solrike bakkane ved Årdal
kjem kusymra tidleg om våren.

Aardalens Venner

Aardalens Venner er eit lag som på ideelt grunnlag skal arbeide for at bygningar og landskap i Aardalen (og Rydjajorda) vert halde i best mogeleg hevd for framtida.

Vennelaget skal vere katalysatoren som får ting til å skje. Vår oppgåve blir å sikre ein viktig del av vår kulturarv. Aardalen skal vakne til nytt liv – og her er det berre fantasien som set grenser.

Du er velkommen som medlem !

Meir informasjon om medlemskap finn du her (pdf).