Styremøte halde på Selje kommunehus frå kl. 19.00 – 21.15

Desse møtte: Jan Hammersvik, Per Arne Berge, Kaare Aardal, Atle Nøstdal, Arve Åheim og Terje Hovden.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

01/06

Konstituering av vennelaget

Leiar

Jan Hammersvik

2 år

Nestleiar    

Per Arne Berge                                 

1 år (+ 2 år)

Skrivar       

Dagfred Berstad                                

1 år

Kasserar

Terje Hovden

1 år

Medlem

Marianne Stender

2 år

Vara

Kaare Aardal

2 år

Vara

Atle Nøstdal

2 år

Vara

Arve Åheim

1 år

Revisor

Inge Bakke

1 år

Revisor

Håkon Berstad

1 år

Valnemnd:

Unni Eltvik Hovden

 

Magne Skårbø

 

Åse Pedersen

Aksjon:

Håkon Berstad, Inge Bakke og Åse Pedersen er ikkje spurde om sine verv. Leiaren tek kontakt med desse slik at dette blir avklara til neste styremøte.

Jan

02/06

Kontrakt med grunneigarane

«Avtale som gjeld eigartilhøve, vøling og bruk av det nedlagde småbruket Årdal, bruksnr. 52 i Selje» vart utdelt i møtet. Utkastet til avtale har vore uttale hjå juridisk rådgjevar i fylkeskommunen, som har gjort framlegg om nokre mindre endringar i avtala.

Kaare påpeika at Aardalen skal nemnast med Aa og ikkje med Å. Vi bør bruke det som er korrekt. (Bygdeboka: Årdal, gammalt Ordal. I referatet vidare Aardal – referenten har ikkje teke stilling til kva som er rett).

Aksjon:

Styret ber Dagfred Berstad om å revidere avtala i tråd med dei tilrådingar som er gjeve, og syte for at nødvendige underskrifter frå grunneigarane blir påteikna.

Dagfred

03/06

Medlemsverving

Styret ser det som viktig at arbeidet med å få medlemmar til «Aardalens Venner» tek til.

Aksjon 1:

Styret oppmodar derfor Dagfred om å skrive ein kort tekst om Aardalen og «Aardalens Venner» som kan trykkast på giroblankettar. Formatet blir ca. A4, der nederste ⅓ blir sjølve giroen.

Aksjon 2:

Jan tek kontakt med Sparebanen Vest for å høyre om dei kan trykke opp nødvendig tal blankettar til oss (gratis). Jan sender over til Dagfred eksempel på fylgjeskriv som «Venner av Selje kloster» har laga (som døme).

Dagfred

Jan

04/06

Prosjektpengar

Jan orienterte om at Stad Landskap tidlegare (2003) har søkt om offentlege midlar for områdetiltak til Aardalen. Fylkesmannen har i skriv dagsett 16.06.2003 gjort fylgjande vedtak:

«Fylkesmannen i Sogn og Fjordane løyver Stad Landskap kr 50 000 i tilskot til vidareføring av eksisterande områdetiltak og til arbeid med prosjektet Årdalen».

I same skriv viser Fylkesmannen til attståande midlar kr 15 000 frå løyvinga i 2000, som også kan «inngå i oppfølging av prosjektet i Årdalen».

Fylkesmannen held fram at områdetiltaksprosjekt vanlegvis skal gjennom-førast i løpet av 3 år, og at fristen for dette prosjektet blir sett til 30.06.2006 for begge summane. I særskilde tilfelle kan Fylkesmannen godkjenne utsetjing av arbeidsfristen med inntil eitt år.

Av dei totalt kr 65 000 som er løyvde til Aardalen, trudde Jan at ein del alt er brukt.

Aksjon:

Dagfred søkjer Fylkesmannen om å få utsett arbeidsfristen med eitt år.

Dagfred

05/06

Handlingsplan

Det er heilt nødvendig å ha ein langsiktig handlingsplan for det arbeidet som skal gjerast i Aardalen. Ein slik plan er òg ein føresetnad for å kunne søkje om offentlege midlar til prosjektet.

For å utarbeide ein slik plan er det ynskjeleg / nødvendig å knyte til seg fagpersonar.

Aksjon:

Jan tek kontakt med Ingvild Austad for å spørje om ho kan få med seg Håkon Drage til å utarbeide ein fagleg grunna langsiktig plan for restaurering m.v. for Aardalen. I høve søknad om å få utsett arbeidsfristen (sak 04/06), kan det vere viktig å sikre fagleg ekspertise i prosjektet.

Jan

06/06

Vårsamling i Aardalen

For å skape litt «blest» om arbeidet som skal startast opp, tenkjer vi oss ei vårsamling i Aardalen. Vi ser for oss noko liknande som den samlinga vi hadde i fjor, med aktivitetar, litt mat m.m.

Eit slik arrangement vil til ei viss grad vere veravhengig, så dato er ikkje endeleg bestemt. Tanken er å avvikle samlinga innan utgangen av april. Det vart diskutert kva som skulle serverast, alt frå grilla kjekjøt til fiskesuppe ’à la Herman Myrseth’. Av aktivitetar bør det vere noko som engasjerer barna, gjerne slik at dei treng hjelp av foreldre.

Aksjon:

Arve Åheim tek på seg å organisere denne vårsamlinga.

Arve

07/06

08/06

09/06

10/06

Eventuelt

Under eventuelt vart fylgjande saker tekne opp:

Oppslagstavle for Aardalen

Styret ser trong for å ha ei god oppslagstavle for å orientere bygdafolk og tilreisande om Aardalen. Vi tenkjer oss tavla plassert ved grinda i steingarden like utanfor snuplassen på Skårbø, naturlegvis under føresetnad av at grunneigaren (Magne Skårbø) tillet dette.

Tavla bør vere i storleik om lag A1, og må forankrast slik at ho tåler ver og vind. I front glas (gjerne polykarbonat for å hindre knusing), og med bakdør for enkel tilkomst når informasjon skal hengast opp. Bakdøra må kunne låsast.

Aksjon:

Kaare Aardal lagar arbeidsteikning av oppslagstavla. Styret vonar at Reset Industrier kan produsere tavla i kjent kvalitet. Kaare får fullmakt til å få dette gjort så snart som det praktisk let seg ordne.

Vedtektene for Aardalens Venner

Vedtektene treng gjennomarbeiding før endeleg godkjenning. Vedtektene skal normalt godkjennast av årsmøtet, så det styret kan godkjenne er eit framlegg til vedtekter som får endeleg godkjenning på neste årsmøte.

Aksjon:

Jan syter for at vi til neste styremøte har klart eit framlegg til vedtekter som vi kan styre etter fram til neste årsmøte. Det er høve til å gje innspel til Jan på kva vedtektene bør omfatte.

Registrering i einingsregisteret i Brønnøysund

Aardalens Venner må registrerast med eige organisasjonsnr. i einings-registeret i Brønnøysund.

Aksjon:

Terje ser på kva som må gjerast for å få dette gjort formelt rett.

Oppretting av eigen bankkonto

Aardalens Venner treng eigen bankkonto før medlemsverving m.v. kan ta til. Kontoen må gjerast disponibel for internettbruk av kasseraren.

Aksjon:

Jan tek kontakt med Sparebanken Vest for å ordne dette.

Kaare

Jan

Terje

Jan

27.03.2006     th