Styremøte nr. 02/2006 halde på Selje kommunehus frå kl. 17.00 – 18.45

Desse møtte: Jan Hammersvik, Per Arne Berge, Kaare Aardal, Marianne Stender, Arve Åheim, Atle Nøstdal og Terje Hovden.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Jan ynskte velkommen til nytt styremøte i Aardalens Venner. Med litt regn i lufta vart tur til Årdalen utsett, og styremøtet avvikla på kommunehuset. Sakliste for møte:

1. Status på aksjoner etter forrige møte.

2. Synfaring og videre planlegging.

3. Eventuelt. 

 

01/06

Konstituering av vennelaget

Etter forrige møte hadde Jan som aksjon å kontakte Håkon Berstad, Inge Bakke og Åse Pedersen for å få stadfesta om dei tok dei verva som årsmøte / styremøte hadde gjort framlegg om.

Håkon Berstad og Inge Bakke tok på seg verv som revisorar for 2006, medan Åse Pedersen bad seg friteken frå å stå i valnemnda.

På årsmøtet hadde Doris Hammersvik sagt seg viljug til å vere med om det var trong for fleire personar.

Vedtak:

Doris Hammersvik vert beden om å gå inn i valnemnda for 2006 saman med Unni Eltvik Hovden og Magne Skårbø.

Samrøystes.

Sak 01/06 avslutta

02/06

Kontrakt med grunneigarane

Det var semje om at ein i namnet til vennelaget skal bruke Aa og ikkje Å.

I forrige møte vart det vedteke at Dagfred skulle revidere avtala med grunneigarane i samsvar med tilråding frå fylkeskommunen, og syte for at avtala blir underskiven.

Ny aksjon:

Til neste styremøte utarbeider Terje utkast til vedtekter for vennelaget. Utkastet skal sendast ut til styret på før neste styremøte.

Vedtekter og avtale med grunneigarane bør til saman dekke alle tilhøve kring arbeidet til vennelaget.

Terje


03/06

Medlemsverving

Jan har oversendt til Dagfred korleis «Venner av Selja kloster» har utforma sitt vervebrev. Giroblankettane blir opptrykte på banken sin kostnad, og kanskje kan vi få dei til å skrive ut vervebrevet òg.

Aksjon 1:

Styret oppmodar Dagfred om å skrive ein kort tekst om Årdalen og «Aardalens Venner» som vedlegg til giroblankettar for medlemsverving. Formatet blir ca. A4, der ein del av dette kan vere eit bilde frå Årdalen.

Aksjon 2:

Jan har også snakka med banken om å få trykt opp giroar til medlemsverving. Aksjon 2 blir derfor lukka.

Dagfred

 

04/06

Prosjektpengar

Jan orienterte om prosjektpengane som Stad Landskap tidlegare (2003) har fått til områdetiltak i Årdalen ikkje kan overførast til «Aardalens Venner». Stad Landskap må derfor søkje Fylkesmannen om utsetjing. Søknaden må gå gjennom kommunen ved Knut Aaland, som tilrår å søkje om to år utsetjing.

I fylgje vilkåra heiter det at midlane «i første rekke bør gå til registrerings-arbeid, planlegging av byggjetiltak og utarbeiding av bruksavtale med eigarane».

Gjennomføring av restaureringstiltak på bygningar og skjøtselstiltak på inn- og utmark vil seinare kunne delfinansierast med tilskot frå STILK-midlane.

Aksjon:

Dagfred søkjer Fylkesmannen (gjennom Knut Aaland) om å få utsett arbeidsfristen.

Dagfred

05/06

Handlingsplan

Jan orienterte om at det truleg ikkje let seg gjere å engasjere Håkon Drage i planleggingsarbeid. HD kjem til Hammersvik på måndag, og Jan skal snakke med han då. Kanskje kan han bli med på synfaring.

Siste:

Håkon Drage har vist positiv interesse for prosjektet, og kan kanskje ta på seg oppdraget med planlegging.

Jan tek vidare oppfølging.

Jan


06/06

Vårsamling i Aardalen

Arve har vore i kontakt med Herman Myrseth, og han stiller gjerne opp som kokk på vårsamlinga.

Det passar for han siste helga i april og fyrste helga i mai.

Aksjon:

Arve Åheim organiserer vårsamlinga, som vi tek sikte på å avvikle 29. / 30.04.

Arve

07/06

Oppslagstavle for Aardalen

Kaare la fram teikning over oppslagstavle som er tenkt plassert ved stein-garden like utanfor snuplassen på Skårbø. Frammlegget viste ei svært særprega tavle, der profilen av fjellformasjonane ovanfor Årdalen kom fram. Styre likte dette godt, og det skal undersøkjast om det er råd å få profilen av fjellformasjonen som eit bilde «innbakt» i plexiglas.

Kaare tenkjer seg elles at vi murar opp rundt tavla, slik at ho får eit fint fundament, kanskje med sitjeplass.

Aksjon 1:

Kaare målset arbeidsteikning av oppslagstavla, og set den i bestilling hjå Reset Produkter.

Aksjon 2:

Terje sjekkar om vi kan låne bormaskin med kommunen for å gjere klar fundament (søylesko) for oppslagstavla.

Aksjon 3:

Jan sjekkar med Magne Skårbø at oppslagstavla kan oppsetjast som planlagt.

Aksjon 4:

Jan vil ta opp med Thomas Bickhardt om han kan lage bilde til oppslagstavla.

Kaare

Terje

Jan

Jan

08/06

Vedtektene for Aardalens Venner

Sjå sak 02/06 ovanfor. Sak 08/06 blir lukka.

 

09/06

Registrering i einingsregisteret i Brønnøysund

Aardalens Venner må registrerast med eige organisasjonsnr. i einings-registeret i Brønnøysund. Terje arbeider vidare med denne saka. Treng personnr. til dei som sit i styret, manglar no berre Dagfred sitt personnr. (kan sendast til tehovde@online.no).

 

10/06

Oppretting av eigen bankkonto

Jan har fått oppretta bankkonto for Aardalens Venner. Berre Terje har tilgang til kontoen (kasserar). Alle utgifter bør derfor adresserast Terje.

Kontonr. i SparebankenVest:  3790 13 23209

Styremedlemmane blir oppfordra til å teikne medlemskap slik at vi får litt pengar på kontoen.

Enkeltmedlem / familie / firma:   kr 100,- / kr 200,- / kr 500,-

 
 

Eventuelt

1. Vårsamlinga

Per Arne blir ikkje til stades på vårsamlinga. Han overleverte nøklar til Jan.

Elles bad han om at vi under samlinga har tilsyn når folk er inne i våningshuset, slik at ikkje noko forsvinn. Vinduslemmane må takast frå, til det trengs det kubein og skrujern. Bør elles skaffe ei dørmatte slik at folk kan gjere skotøyet reint før dei går inn. Låsa treng smørjast opp.

Bøker på loftet: Nokre er svært gamle, så det er viktig at det blir teke vare på dei.

Per Arne har elles ein ny komfyr som høver i kjøkenet, i tillegg to vedomnar. Pipa må vølast for dei blir installerte.

2. Reportasje i Sunnmørsposten?

Jan nemnde at Anne Marie Thomasgård hadde vore i kontakt. Ho ville gjerne komme på staden for å lage reportasje til Sunnmørsposten. Vårsamlinga kan vere eit høveleg tidspunkt?

3. Engasjere Knut Aaland?

Jan og Arve tek kontakt med Knut Aaland i veke 17 for å sjå kva han kan bidra med. Han har stor interesse i slik arbeid.

4. Torvhus ovanfor Rydjajorda

Terje nemnde at torvhuset som står på reinekanten ovanfor Rydjajorda er til nedfalls. Taket har brotna saman, men takhellene ser ut til å vere heile. Det vart diskutert om vi kunne gjere ein innsats for å få nye sperrer på plass, noko som alle samtykte i. Terje måler opp slik at vi veit kor mange / lange sperrer vi treng, og elles lage ei skisse.

Siste: Har hatt oppmåling i dag. Innvendig er torvhuset ca. 1,9 m x 4,3 m. Veggene ca. 60 cm tjukke. Dei oppmurte veggene må ordnast litt, har truleg komme litt ut av lage når taket raste saman.

Det kan sjå ut til at det ikkje har vore brukt trod, dvs. at steinhellene har vore lagt direkte på sperrene (sikra med spikar). Sperrene ca. 6”, rundstokkar. Ingen svill på langsidene. Lengde på sperrene ca. 2,6 m. Lagar skisse til neste møte.

Jan

Jan og Arve

Terje

09.04.2006     th