Styremøte nr. 03/2006 halde hjå Unni og Terje frå kl. 18.00 – 21.15

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Dagfred Berstad og Terje Hovden.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Sakliste for møtet:

1.   Status på aksjonar etter forrige møte.

2.   Evaluering «kulturdag i Aardalen»

3.   Medlemsverving, nok ein gong

4.   Vedtekter

5.   Materiell til  informasjonstavla på Skårbø

6.   Eventuelt

 

02/06

Kontrakt med grunneigarane

I møtet 26.03. vart det vedteke at Dagfred skulle revidere avtala med grunneigarane i samsvar med tilråding frå fylkeskommunen, og syte for at avtala blir underskiven.

I møtet 08.04. vart det bestemt at Terje skulle utarbeide utkast til vedtekter for vennelaget. Utkast til vedtekter er no utarbeidde, og vert sendt ut til styret. Blir å ta opp til handsaming på neste møte.

Etter at vedtekter er godkjende, kan endeleg avtale utarbeidast med grunneigarane.

 

03/06

Medlemsverving

Til møtet hadde Terje utarbeidd eit utkast til fylgjeskriv i høve medlemsverving. Sjå vedlegg.

Aksjon 1:

Jan vi prøve å få opptrykt i fargar skrivet (prøver å finne ein sponsor).

Aksjon 2:

Jan vil prøve å organisere at skrivet og ein giro (opptrykt av Sparebanken Vest) blir distribuert i Selje-bygda.

Samstundes vert skriv og giroar lagt ut på forretningar etc.

Jan

Jan

 

04/06

Prosjektpengar

Pprosjektpengane som Stad Landskap tidlegare (2003) har fått til områdetiltak i Årdalen ikkje kan overførast til «Aardalens Venner». Stad Landskap må derfor søkje Fylkesmannen om utsetjing.

Aksjon:

Jan tek kontakt med Knut Aalandfor å søkje om to år utsetjing. Om nødvendig kontaktar dei Dagfred pr. telefon.

Jan


Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

06/06

Vårsamling i Aardalen - evaluering

Vårsamlinga vart avvikla søndag 7. mai i strålande vårver. Bøane var pynta med kusymre, og temperaturen var fin.

Nydeleg fiskesuppe og brød vart servert til vel 40 personar. Hovudkokk Jarle Hovden.

Opptakta til samlinga var ikkje prikkfri. Kanskje årsaka til dette er at vi på siste møte ikkje avtalte godt nok kven gjer kva. Dette gjorde at det vart litt hektisk for somme på laurdagen og tidleg søndag, utan at dette gjekk ut over samlinga. Kanskje skal vi ved slike samlingar samlast nær opp til samlinga for å dele oppgåver?

Diskusjonen gjekk elles på

ú    rister for grilling og koking – desse burde vi ha permanent i Aardalen.

ú    eigna gryter til koking

Støypejernsgryta som er i Aardalen er svært stor. Uvisst om ho høver til matlaging. Her får vi tenkje litt på kva vi skal gjere. Ta med gode framlegg til neste møte.

 

07/06

Oppslagstavle for Aardalen

Fredag 5. mai vart sjølve omramminga av oppslagstavla sett opp på vegenden på Skårbø av Kaare, Jan og Terje. Ein sokkel vart murt opp, både som fundament til tavla og til å sitje på.

Aksjon 1:

Kaare har bestilt plexiglas til front- og bakstykke på Selje Trevare. Han skal også skaffe pianohengsler i Måløy slik at desse platene kan hengslast for enkel tilkomst ved opphenging av informasjon. I tavla blir det ei porøs midtplate, slik at info kan hengast opp både på framside og bakside. Kaare tek initiativ til å få dette på plass.

Aksjon 2:

Jan og Thomas Bickhardt ser på om det er mogeleg å få lage eit bilde frå sjøsida som viser Aardalen med fjellformasjonen bak. Dei vurderer samstundes om dette praktisk let seg «innbakte» i plexiglas for plassering på toppen av oppslagstavla.

Aksjon 3:

Kaare vurderer korleis skilt «Aardalens Venner» kan plasserast på tavla, og korleis skiltet skal lagast. Skriftype ikkje vurdert, men kanskje som overst på arket? Kanskje kan Atle frese det ut på Reset Produkter?

Kaare

Jan

Kaare

09/06

Registrering i einingsregisteret i Brønnøysund

Aardalens Venner må registrerast med eige organisasjonsnr. i einings-registeret i Brønnøysund. Terje arbeider vidare med denne sakaetter at alle personnummer no er på plass.

Terje


Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

10/06

Oppretting av eigen bankkonto

Jan har fått oppretta bankkonto for Aardalens Venner. Berre Terje har tilgang til kontoen (kasserar). Alle utgifter bør derfor adresserast Terje.

Kontonr. i SparebankenVest:  3790 13 23209

Styremedlemmane blir oppfordra til å teikne medlemskap slik at vi får litt pengar på kontoen.

Enkeltmedlem / familie / firma:   kr 100,- / kr 200,- / kr 500,-

(Berre ei påminning)

 

Eventuelt

1. Engasjere Knut Aaland

Knut Aaland har interesse i det arbeidet som skal gjerast i Aardalen. Vi prøver å trekkje han med så ofte vi kan.

2. Håkon Drage – bygningsteknisk konsulent

Som tidlegare nemnt er HD svært interessert i å vere med. I byrjinga av juni vil han ta kontakt med Jan for ei synfaring i Aardalen. Jan gjev beskjed til andre i styret slik at dei som vil kan bli med.

3. Torvhus ovanfor Rydjajorda

Viser til referat fra møtet 08.04. Viste nokre bilder frå staden, og korleis sperrer var opplagra. Skal prøve å finne ut kor langt det har vore mellom kvar sperre.

I parantes: Vi kan på ein fin dag rydde inne i torvhuset (takheller) og ordne på skader på yttermurane.

Jan

14.05.2006     th