Styremøte nr. 04/2006 halde på Selje kommunehus kl. 18.00 – 20.00

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Arve Åheim og Terje Hovden.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Sakliste for møtet:

1.       Gjennomgang referat siste møte med status på saker.

2.       Vedtekter / avtale grunneigarane.

3.       Forsikring av bygningar i Aardalen.

4.       Økonomien i Aardalens Venner og medlemsoversikt

Evt.

 

02/06

Kontrakt med grunneigarane

I møtet 26.03. vart det vedteke at Dagfred skulle revidere avtala med grunneigarane i samsvar med tilråding frå fylkeskommunen, og syte for at avtala blir underskiven.

Utkast til vedtekter er utarbeidd, og blr å ta opp til handsaming på neste møte.

Ventar no på ei endeleg avtale med grunneigarane.

Aksjon:

Dagfred må avslutte dette arbeidet så snart som mogeleg. Aardalens Venner kan ikkje registrerast før dette er ordna.

Dagfred

03/06

Medlemsverving

Jan og Doris har lagtgiro og verveskriv i alle postkasser i Selje.

Det har ikkje vore lagt ut skriv og giroar i forretningar etc., fordi dette normalt ikkje resulterer i fleire medlemmar. Jf. erfaring med «Klosterets venner».

Det som er effektivt er direkte kontakt med personar vi trur med kan ha interesse i slikt arbeid.

Jan delte ut giroar og fylgjeskriv i møtet til bruk. 

Alle

 

04/06

Prosjektpengar

Prosjektpengane som Stad Landskap tidlegare (2003) har fått til områdetiltak i Årdalen ikkje kan overførast til «Aardalens Venner». Stad Landskap må derfor søkje Fylkesmannen om utsetjing. Etter opplysningar frå Knut Aaland må Dagfred Berstad personleg vere den som fremjar søknaden.

Aksjon:

Dagfred må snarast ta kontakt med Knut Aaland for å få inn søknad om forlenging av frist for bruk av midlane som vart løyvde til Stad Landskap. 

Dagfred


Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

10/06

Lekkasje i våningshus Aardalen

Det er meldt om vasslekkasje i huset. For å få vite noko om omfanget og kva tiltak ein skal setje i verk, må det føretakast synfaring.

Aksjon:

Jan og Per tek synfaring så snart dette høver. Når det er avklara kva som fører til lekkasjen, må vi gjere nødvendige mellombelse tiltak for å tette. Om dette skal gjerast med papp, presenningar el. likn. må ein altså komme tilbake til.

Jan / Per

11/06

Søknad om støtte

Det er motteke skriv frå Høgskulen i Sogn og Fjordane v/ prof. Ingvild Austad om støtte til å gjennomføre ei masteroppgåve om Aardalen med fokus på kulturlandskap, kulturhistorie, vegetasjon og problemartar. Det er student Anne Lise Koller som skal gjennomføre mastergraden ved Universitetet for miljø og biovitskap på Ås. Ho har vore i Aardalen i sommar og studert m.a. vegetasjon og bonitet i området. 

Det er søkt om støtte til dekning av utgifter til reise, kopiering / innbinding av oppgave og analyse av 64 jordprøver. Totalt er dette rekna til kr 19.160,-, og tenkt dekka slik:

Selje kommune

(⅓)

kr 6.400,-

Aardalens Venner

(⅓)

kr 6.400,-

Høgskulen i Sogn og Fj.

(⅓)

kr 6.400,-

Anne Lise vil komme til Selje å presentere oppgåva, og Aardalens Venner vil også få kopiar av arbeidet.

Vedtak:

Styret er positive til å gje støtte til masteroppgåva som omsøkt. Tilskotet skal dekkast av tilskotsmidlar (Stad Landskap) om mogeleg. Alternativt må ein finne andre finansieringsmåtar.

Jan bekreftar til søkjaren at støtte kan påreknast.

Jan

12/06

Arbeid i Aardalen

Om ca. 3 veker (laurdag 16. september) tek ein sikte på fylgjande:

a.       Bere opp nye taksperrer opp til torvhuset på reina ovanfor Rygjajorda. Jan og Kaare prøver å få laga til 8 – 10 sperrer ca. 6” x 6” med lengd min. 2,6 m. Vi organiserer folk til å vere med å bere desse opp.

b.       Om vi blir mange, kan det vere aktuelt å gjere rydningsarbeid i geitefjøset. Det som har verdi, må takast vare på og registrerast.

c.       Som ein del av dugnaden tek vi sikte på å servere krabbe / reker, loff m.m.

For å organisere dette, tek vi sikte på eit nytt møte søndag om 14 dagar (10. sept.).

Jan / Kaare


Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

13/06

Medlemmar / økonomi

Pr. dato er medlemstalet ca. 60. På konto kr 8.445,50.

 
 

Eventuelt

Nytt møte søndag 10. september kl. 18.00 på kommunehuset (om ikkje anna blir bestemt).

Sakliste for møtet:

1.       Gjennomgang referat siste møte med status på saker.

2.       Vedtekter / avtale grunneigarane.

3.       Forsikring av bygningar i Aardalen.

4.       Planlegging av dugnad.

Evt.

 

27.08.2006     th