Styremøte nr. 05/2006 halde på Selje kommunehus kl. 18.00 – 19.45

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Marianne Stender, Per Arne Berge og Terje Hovden.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Sakliste for møtet:

1.       Gjennomgang referat siste møte med status på saker.

2.       Orientering om dugnad på Aardalsstøylen laurdag 16. september

3.       Kontrakt med grunneigarane.

4.       Organisering av strakstiltak slik som lokalisering av lekkasjar og tetting av desse

5.       Oppretting av konto for områdetiltak og reglar for kontoane

6.       Forsikring av bygningane

7.       Evt.

 

13/06

Kontrakt med grunneigarane

Siste utkast til avtale låg føre i papirformat. Det vart drøfta ordlyd på pkt. 3 i avtala. Ein var einige om at ordlyden i § 9 - Tvistar i utkast til vedtekter kunne nyttast.

Avtala treng reinskrivast i eit format (oppsett og margar) og med eit språk som eignar seg når avtala skal tinglysast. Marianne føreslo at Arve kunne ta på seg dette.

Vedtak:

1.       Per Arne sender avtala i elektronisk format til Arve.

2.       Terje sender utkast til vedtekter i elektronisk format til Arve.

3.       Arve reinskriv og endrar avtale med grunneigarane som skissert ovanfor. Avtala må deretter sendast til Per Arne, slik at han kan syte for underskrift av grunneigarane. Avtala blir så teken opp til endeleg avrøysting på neste møte (planlagt i romjula). 

Per Arne

Terje

Arve

14/06

Forsikring av bygningane i Aardalen

I samanheng med avtale med grunneigarane kom spørsmålet om forsikring opp. Per Arne opplyste at forsikring var teikna («hytteforsikring») for eit nytt år for ikkje så lenge sidan. Han såg det som naturleg at Aardalens Venner tok seg av forsikring når aktivitet kom i gang for å sikre dei verdiane som til ei kvar tid kunne gå tapt. Han meinte eigedommen var forsikra gjennom SparebankenVest.

Vedtak: 

Aardalens Venner tek seg av forsikring frå neste hovudforfall.

Styret

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

15/06

Dugnad på Aardalsstøylen - orientering

Terje orienterte om dugnaden som var 16.09. på torvhuset på reina nedanfor Aardalsstøylen. Jan og Kaare hadde på førehand fått laga til 7 sperrer til torvhuset i prima material og korrekte dimensjonar. Desse var transporterte ut til naustet på Rydjajorda.

Kaare, Atle, Dag Hamre og Terje sleit to av sperrene opp. Dei er relativt tunge. Deler av nedre mur (skadd) vart riven og bygt opp igjen så langt ein makta. Nokre steinar var så store (tunge) at dei må delast med slegge før dei kan leggast opp. I tillegg må deler av øvre mur også rettast opp.

Det vart diskutert korleis ein skal få opp resten av sperrene. Helikopter er eitt av alternativa, men kraftlaget har ikkje planer om arbeid i området no slik at billeg transport kan sikrast.

I diskusjonen kom ein inn på at dette også er arbeid som ein kan få tilskot til. Marianne føreslo at Arve tek kontakt med Knut Aaland for å høyre om dette let seg gjere.

Vedtak:

Arve tek kontakt med Knut Aaland for å sjå om det er mulig å få støtte til vøling av torvhus. Det må avklarast saksgang og kva opplysningar som må vere med. 

Arve

16/06

Strakstiltak på husa i Aardalen

Det er konstatert at det er råtskader / lekkasjar på kårhuset, og det er også lekkasjar på våningshuset ved forskjellige verforhold. Jan og Kaare tok på seg å sjå på om strakstiltak kan gjerast, t.d. ved å spikre på presenningar el.likn.

Jan / Kaare

17/06

Reglar for bruk av konto for områdetiltak

Tilskot til områdetiltak har fått forlenga frist fra til 30.06.2007. Tilskotet kan brukast til dei føremål som går fram av tilsagnet. Rapport skal sendast fylkesmannen innan 15.12. kvart år.

Konto kan ikkje opprettast på laget før organisasjonsnr. er oppretta (Brønnøysund-registeret).

 

18/06

Eventuelt

Det var ynskje om at medlemslista blir sendt ut til styret. Dette syter Terje for når namnet til alle er kjent (har berre kontonr. på nokre).

 

05.11.2006     th