Styremøte nr. 06/2006 halde på Selje kommunehus kl. 18.00 – 20.00

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Marianne Stender, Per Arne Berge og Terje Hovden.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Sakliste for møtet:

1. Gjennomgang av  referat frå siste møte med status på saker

2. Kontrakt med grunneigarane

3. Årsmøte

4. Evt.

 
 

Jan gjekk kort gjennom referatet frå forrige styremøte 05.11.06:

ú          Kontrakt med grunneigarane er utarbeidd og klar til handsaming

ú          Bygningane i Aardalen er trygda i Sparebanken

ú          Dugnad på Aardalsstøylen: Ikkje meir gjort sidan sist. Korte dagar gjer at dette må takast igjen seinare

ú          Strakstiltak på husa i Aardalen: Jan var lei for at dei hadde «forlova» seg litt i siste møte. Førebels er ikkje noko gjort

ú          Reglar for bruk av konto for områdetiltak – blir å komme attende til

 

13/06

Kontrakt med grunneigarane

Eit utkast til avtale låg føre. Styret gjekk gjennom utkastet punkt for punkt, og gjorde ein del endringar. Dette skjedde helst ved å fjerne ein del setningar som etter styret si meining gjorde avtala meir konsis.

Siste avsnitt (om evt. tvistemål) skal samsvare med § 9 i utkastet til vedtekter for Aardalens Venner.

Avtala må reinskrivast, og ein ber Arve om å gjere dette. Avtala må deretter underskrivast av grunneigarane og Aardalens Venner ved leiaren.

Arve

Per Arne, Jan

 

Årsmøte

Dato for årsmøte vart førebels fastlagd til søndag 18. mars kl. 18.00. Mest truleg på Selje Hotel.

På årsmøtet blir det val m.v. (jf. § 7 i utkast til vedtekter). Valnemnda (Magne Skårbø, Doris Hammersvik og Unni Eltvik Hovden) må komme med framlegg til kandidatar før årsmøtet. Kandidatane må spørjast på førehand.

På årsmøtet må også vedtekter for Aardalens Venner godkjennast. Desse må gjennomarbeidast av styret før årsmøtet. Førebels dato for nytt styremøte 21. eller 28. januar.

På årsmøtet bør ein i tillegg til årsmelding prøve å få til ein bildeserie som kan visast. Elles kan det vere greitt å få litt orientering om dei undersøkingane som har vore i Årdalen siste året.

 
 

28.12.2006     th