Styremøte nr. 01/2007 halde på Selje kommunehus kl. 18.00 – 20.00

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Marianne Stender, Per Arne Berge og Terje Hovden.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Sakliste for møtet:

1. Gjennomgang av referat frå siste møte med status på  saker.

2. Søknad om tilskot til kulturminnevern

3. Evt.

 

13/06

Kontrakt med grunneigarane

Per hadde fått underskrift frå grunneigarane på det utkastet som vart laga på siste møte.

Kaare stilte spørsmål kring ein del formuleringar i avtala, og styret vart samde om å endre desse punkta. Det gjaldt overskrifta og mindre eindringar i pkt. 2. og 3.

Oppretta avtale ligg ved. Per syter for nye underskrifter.

Per Arne

01/07

Søknader om stønad

a.       Fylkeskommunen

Etter synfaring forrige søndag 07.01. har Kaare og Jan snakka med Vidar Berge (Bygger’n) og fått kostnadsrekna kva det vil koste å setje i stand våningshus og kårhus i Aardalen.

På kårhuset er det teke med utskiftning av lafta tømmer som er rotskada, dessutan nye vindu, dør og kledning.

På våningshuset tilsvarande nytt tak, kledning og reparasjon av pipe. Total kostnad rekna til kr 590.000,-.

Styret vart samde om at taket på kårhuset burde skiftast (eternit). Tilsvarande ynskte ein at det på våningshuset måtte planleggast å skifte alle vindu slik at dei fekk tidlegare utsjånad.

Kaare og Jan tek dette opp med Vidar Berge med tanke på å få justert kostnadsoverslaget. På bakgrunn av dette sender ein inn søknad til fylkeskommunen om stønad på inntil 75 % av kostnadsoverslaget. Resten må dekkast av andre stønader / tilskot og eigenkapital.

Jan gjer klar vedlegga som skal vere med, og held kontakt med Knut Aaland i kulturavdelinga til fylkeskommunen.

Søknad må sendast i morgon 15.01.2007.

Kaare og Jan

Jan


Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

b.       Sparebanken Vest

Sparebanken delar ut midlar til «almennyttige» føremål. Styret var samde om at Aardalens Venner skal søkje om midlar her òg. Denne søknaden må sendast elektronisk.
-------
Jan og Terje sende etter møtet inn ein søknad. Jan ettersender kostnadsoverslag og andre vedlegg som kan støtte søknaden.

c.       Norsk kulturminnefond

I kulturminnefondet er det også mulig å søkje om midlar, spesielle midlar er mynta på kystkultur (satsningsområde). Søknadsfristar er 01.03. og 01.09. kvart år.

Styret vil sende inn søknad også her innan 01.03.07. Dette blir å komme attende til.








Terje og Jan

14.01.2007           th

Sender som vedlegg:

1.                   Avtale mellom grunneigarane og Aardalens Venner

2.                   Vedlegg til søknad fylkeskommunen

3.                   Vedlegg til søknad Sparebanken Vest