Styremøte nr. 02/2007 halde på Selje kommunehus kl. 18.00 – 19.45

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal og Terje Hovden. Ståle Olsen (Selje Vekst) møtte kl. 19.00.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Sakliste for møtet:

1. Gjennomgang av vedtekter for Aardalens Venner.

2. Søknad om tilskot til kulturminneforndet.

3. Evt.

 
 

Søknader både til SparebankenVest og til Fylkeskommunen vart innleverte innan fristen 15.01.07. Budsjettet frå fylkeskommunen (kulturarv) er berre på kr 400.000,- for heile fylket.

 
 

Jan la fram avtala med grunneigarane. Denne er no underteikna av grunneigarane og Aardalens Venner.

 
 

Tidlagere dato for årsmøte kolliderer med årsmøte for Klosteres Venner. Ny dato vart sett til søndag 25. mars.

Ein tek sikte på å ha årsmøtet på hotellet. Enkel servering – kaffi og kanskje vafler? Jan sjekkar med hotellet.

Innkalling: Terje hjelper med å lage innkalling, Jan sender ut. Oppmode medlemmer om å ta interesserte med.

Skal prøve å få til ei orientering om det som er gjort av undersøkingar (Koller og Austad). Koller er interessert i å komme.

Skal også prøve å vise litt bilder frå Årdalen.

Jan

Terje / Jan

 

Det vart diskutert litt kring den økonomiske situasjonen for laget. På konto ca. kr 6.500,-. Vi har også dei pengane som vart løyvt via Stad landskap. I tilsagnet frå Fylkesmannen står det at «dei løyvde midlane i fyrste rekkje bør gå til registreringsarbeid, planlegging av byggetiltak og utarbeiding av bruksavtale med brunneigarane».

Bruksavtala er no klar, og vi har så langt hatt lite framdrift m.o.t. planlegging av byggetiltak. Registreringsarbeid er for så vidt byrja (jf. arbeid Koller har gjort), men vi veit òg at det er mange ting (lausøyre) i Årdalen som bør registrerast. Styret drøfta korleis dette kunne gjerast. Kaare tek kontakt med Nordfjord Museum på Sandane for å få greie på korleis dette bør gjerast. Ein tenkjer då på korleis arkivet bør byggast opp med skildring, bildemateriale, bruksområde m.v. Kanskje kan utstilling av dette ordnast i geitefjøset?

Til seinare diskusjon.

Kaare

02/07

Vedtekter for Aardalens Venner

Styret gjekk gjennom utkastet til vedtekter. Nokre mindre endringar vart gjort, m.a. var korrekt gards- og bruksnr. lagt til.

Styret godkjende endringane. Vedtektene vert lagde fram for årsmøtet til stadfesting.

Godkjent utkast blir sendt ut til styret som vedlegg.

Terje

 

Jan orienterte om den kontakt han hadde hatt med fylkeskommunen om evt. søknad om støtte fra kulturminnefondet. Kontaktperson så langt Grete Marøy Sellevold.

Ståle Olsen vil hjelpe Aardalens Venner med å få inn søknad innan søknadsfristen 01.03.07. Avtalt møter (tirsdag 13. og fredag 16.) med Jan og Kaare.

Vil også vurdere å søke om midlar frå SMIL-midlane til jordbruksføremål. Her er det kommunen som prioriterer tildelte midlar.

Jan / Kaare

12.02.07            th