Styremøte nr. 03/2007 halde på Selje kommunehus kl. 18.00 – 19.20

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Marianne Stender og Terje Hovden.

Saker til handsaming:

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Sakliste for møtet:

1. Gjennomgang referat årsmøte med status på saker

2. Konstituering av styre

3. Søknad om SMIL- og kulturmidlar

4. Evt.

 
 

Gjennomgang referat årsmøte med status på saker:

Inge Bakke og Jan Hammersvik har intervjua Jostein Sande som bestemt på årsmøtet. Det var lite nytt som kom fram om Rydjajorda og Årdalen, meir om kva dei utflytta tok seg til.

Aardalens Venner har ikke fått svar på innsende søknader om tilskot endå, men har muntleg fått greie på at Aardalens Venner truleg får kr 50.000,- av fylkeskommunen. Dette er 1/6 av fylkeskommunen sitt budsjett på denne posten.

Vi har motteke ein oversikt (utkast) over tidlegare åkerareal i Årdalen som Anne Lise Koller har laga. I tillegg orienterte Jan frå eit handskrive notat frå Ingvild Austad. M.a. er det registrert at dei gamle åkerareala har tjukkare jordlag (ca. 20 cm) enn dei som vart dyrka under siste krig (ca. 12 cm). Under jordlaget er det morenemasser med mykje humus (svart jord). Det er også registrert kollag over morenelaget. Det blir arbeidd med å få Mons Kvamme til å analysere jordsmonnet og evt. pollen. Det kan bli aktuelt å få utført C14-analyser for å tidfeste funn. 

Registrering av lausøyre og innbu: Kaare har vore i kontakt med Nordfjord Folkemuseum på Sandane (v/ konservator Ingrid Berger). Han har skaffa eit hefte (bok) om registreringsmåtar. Vi må legge det opp etter vårt behov – ikkje altfor «vidløftig», men godt. Kaare ynskjer at skoddene på våningshuset blir fjerna i sommarhalvåret slik at registreringsarbeidet kan gjerast i godt lys. Jan tek dette opp med Per Arne ved høve.

Jan minte om tavla på Skårbø. Han ba om at alle tek stilling til kva vi skal bruke denne til. Arbeidet vi gjer på torvhuset på reina nedanfor Liberr-støylen er eksempel på ting vi bør kunngjere.

Heimesida: Inge fekk heimesida på plass kort tid etter årsmøtet. Han tek mot all info som kan ha interesse (tekst, bilder etc.). Heimesida har adresse www.aardalensvenner.org, og bør knytast opp mot heimesida til Selje kommune. Kontaktperson for dette er Bård Fløde.

Terje

03/07

Konstituering av styret

I årsmøtet valde Jan Hammersvik som leiar og Kaare Aardal som nestleiar. Styret bestemte at frå neste styremøte overtek Marianne Stender som skrivar, og Terje Hovden held fram som kasserar.

 

 

Eventuelt

a.       Dugnad neste laurdag 12.05. kl. 14.
Vi prøver å få opp til torvhuset dei siste 4 sperrene. Kaare har laga til «skjeker» slik at kvar sperre lett kan berast av to mann. Vi må få tak i nok folk til 4 berelag: Jan / Terje, Atle Nøstdal / Dag Hamre, Kaare vil snakke med Trond og Roger, og Arve Åheim blir beden om å skalffe to. Tidlegare i vår har Jan og Terje bore opp ei sperre og lagt opp det meste av det som stod att å mure opp av den nedrivne / -rasa muren.

I tillegg må vi kjøpe ca. 15 m med t.d. ¾” x 6” bordkledningsbord som skal nyttast til å binde saman sperrene og vere underlag for steinhellene (+ litt galvanisert 3 – 4” spikar).

b.       Søknader om SMIL- og kulturmidlar
To ulike søknader med frist over neste helg. Begge skal sendast kommunen. Jan tek kontakt med Ståle Olsen – vi håpar han har høve til å hjelpe oss med desse søknadane.

c.       Kjøp av 2 kW aggregat
I siste medlemstilboda frå COOP er det m.a. eit bensindrive straum-aggregat på 2 kW til kr 1.298,-. Styret var samde om å kjøpe eitt aggregat, slik at vi er sikra straum til lys og handverkty i Årdalen. Byggmix på Åheim har aggregat, og vi kjøper der (Jan eller Kaare?).

Jan

06.05.07            th