Referat møte 24.06.07 på kommunehuset kl 18 -20

Desse møtte: Jan, Terje, Kåre, Per og Arve (vara for Marianne)

Sak 1: Referat sist møte. Godkjent

Sak 2: Orientering om søkte midlar.

a)    Vi har fått 5000 kr i støtte frå Selje kommune.

b)    SMIL-midlane er endå ikkje tildelte

c)     Avslag på støtte frå norsk kulturminnefond, med grunngjeving i:

a.    Ikkje oppfylt eigendel på minst 30% av kostnadane

b.    Manglande dokumentasjon på finansiering og tilskot frå fylke og kommune

c.     Ikkje god nok antikvarfagleg grunngjeving

        i.      Det nemnast også at verdiskapingsprogrammet var prioritert under tildelinga. Dette kjenner vi ikkje rammevilkåra for, og må undersøkje dette.

        ii.      Jan og Arve tek møte i august om å sende ny søknad.

d)    Det etterlysast oppgåve for bruk av tildelte midlar. Jan tek kontakt med Knut Åland for synfaring snarast, og i alle fall før 4.august, då fristen for innsending av oppgåve over brukte midlar utgår.

e)    Behov for midlar til nytt prosjekt i Flister. Sjå eventuelt.

Sak 3: Heimesida. Denne fungerer greitt, men det trengs meir opplysningar knytta til foto. Per har slik informasjon, og venter også folk til bygda som har meir opplysingar.

Vi satsar på at Inge Bakke oppdaterer sida når han får stoff.

Sak 4. Vegen vidare. Vi sette opp fylgjande prioriterte handlingsplan:

a)    Torvhuset. Må ordnast i sommar. Terje tek ansvar for dette. Materiale skal transporterast ut av Arve, Jan og Kåre snarast, helst måndag 26.07 (i morgon), når Kåre er klar.

b)    Utedoen. Eit arbeidslag med Kåre som ansvarleg, tek dette arbeidet. Per kan vere med i august. Arbeidet bør vere ordna i laupet av sommaren/tidleg haust.

c)     Taket på våningshuset. Oppsida bør plukkast ned i august/september, og nytt tak (evt presenning) må på. Per tek ansvaret her. Må ta omsyn til eternit, og avklare kva som skal gjerast med dette med kommunen. Det må organiserast. Framlegg frå referent: ny styresak i august.

d)    Kårstova: Er mellombels ordna med presenning. Vurdering i haust om meir må gjerast før vinteren.

e)    Grind på Flister. Sjå eventuelt.

Sak 5: Eventuelt. Grindbygg på Flister. Vi har fått tilbod om å overta ei lade tilhøyrande Arild Kvernevik på Flister. Byggjet passar svært godt på lademurane i Aardalen, men vi har ikkje kapasitet til å ta oss av dette denne sommaren. Vi må difor prøve å sikre grinda, slik at ho seinare kan transporterast til Aardal. Kåre tek kontakt med Arild og prøver ordne tilhøva slik at bygget kan sikrast.

Det som må gjerast (hugs fotodokumentasjon undervegs):

a)    umiddelbar sikring, slik at Arild sine behov i samband med lada innfriast. Dette kan innebere plukking av takstein, som vi eventuelt må organisere.

b)    Grinda verkar solid, men om ho må stå ute i vinter, må kanskje ting dekkjast til? Kåre vurderer.

c)     Vi må få prisoverslag på flytting via helikopter, og orientert oss om kulturmidlar og evt. anna finansiering av arbeidet.

d)    Dette må orienterast om via heimesidene våre, og marknadsførast, slik at vi kan få fleire personar til å engasjere seg i arbeidet vårt.

e)    Sjølve flyttinga. Ideelt sett med helikopter, når vi har finansiert dette og vidare arbeid med lada. Ideelt sett neste sommar?

f)      Rydding av ladetufta i Aardalen.

g)    Trygging av grinda når ho kjem til murane i Aardalen

h)    Ny lade i Aardalen.

Møtet slutt kl 20.00

For styret

Arve Åheim