Referat frå styremøte 12.08.07 på kommunehuset kl. 18.00

Desse møtte: Jan, Terje, Kåre, Marianne og Arve (vara for Per)

Sak 1: Status etter sist møte, prioritert arbeid i haust

a) Ut frå kapasiteten vår, er vi nøydde til å prioritere taket på våningshuset framfor alt anna i haust. Jan kontaktar Egil Holvik, alternativ Bjarne Krakereid for å få ei fagleg vurdering av korleis arbeidet skal utførast, kva som skal skiftast, og kva dimensjonar som skal brukast. Deretter må vi finne nokon som kan uføre arbeidet, helst i haust. I mellomtida kan vi ha dugnad med å plukke ned takstein, reingjere denne med trykkspylar og vurdere kva som kan brukast om att. Dersom det er uråd å få arbeidsfolk til å utbetre taket, må vi sikre dette med presenning for vinteren. Aggregatet og anna utstyr må transporterast ut med båt. Kåre vurderer når veret er bra nok, og kallar inn til ein kveldsdugnad med dette. Arve kan sannsynlegvis stille. Eit par personar til trengs.

b) Terje har stått for ein stor del av arbeidet med torvhuset oppe på støylen. Saman med Kåre og fleire er det ytt betydeleg mange dugnadstimar på å få denne bygningen i orden. No står det att to arbeidsøkter, ei med å fullføre taket, og ei med å lage dør før huset er heilt ferdig.

c) Kåre har framleis ansvaret for utedoen. Arbeidet kan gjerast uavhengig av houvudprioriteringa med våningshuset.

d) Kårstova står ikkje på skade, og kan klare seg utan innsats ei tid.

e) Løda på Flister må vente. Det er behov for å gjere ei mellombels tetting av taket, slik at grinda ikkje står på skade, men vi har for liten kapasitet til å ordne dette no før våningshuset er ordna. 

Sak 2: Orientering om synfaring

- Kåre og Arve hadde med seg folk frå kulturavdelinga i fylket på synfaring, og orienterte om denne. Det er tydeleg at Aardalen har stor kulturhistorisk verdi, og at miljøet med Rydjajorda og Skårbø gjer dette til ein viktig stad. Det trengs betydeleg innsats for å ta vare på dette miljøet, og kulturavdelinga vil hjelpe oss med dette. Dei vurderte også prosjektet med flytting av grinda frå Flister til Aardalen som interessant, og hadde konkrete merknadar til korleis dette bør gjerast.

- Arve tek kontakt med kulturavdelinga i fylket snarast med tanke på å få hjelp til å skrive ny søknad om midlar frå norsk kulturminnefond. Det er viktig å rette opp ankepunkta om minst 30% eigendel, betre dokumentasjon på finansiering og tilskot frå ulike aktørar, og ei solid antikvarfagleg vurdering.

Sak 3: Restaurering

Jan tek kontakt med Egil Holvik snarast for å få ei vurdering av korleis dette arbeidet best kan gjerast, og lage materialliste. Når dette er på plass, kallar leiar inn til nytt styremøte slik at vi kan planleggje vidare framdrift.

Sak 4: Kulturdag/-kveld

Vi har ikkje kapasitet til anna enn bildeprogram og ein tur ut til Aardalen under Sunnivadagane, dette i regi av Jan og Thomas Bickardt.

Sak 5: Ny søknad til norsk Kulturminnefond

Arve kontaktar Knut Aaland på kulturavdelinga i fylket om dette. Målet er å innfri krava til søknaden, og prøve om det er realistisk å greie dette innan søknadsfristen 1. september. Sjå elles sak 2 siste strekpunkt.

Sak 6: Eventuelt

Dugnadsinnsatsen så langt har vore betydeleg, og styret vart einige om at det burde leggjast ut på heimesidene, slik at det vart synleg for andre, og kanskje kunne stimulere fleire til å hjelpe til. Styret ber difor vår dataansvarlege Inge Bakke om å legge inn fylgjande:

Arbeid med oppslagstavla

Teikne, bygge og gjere alt klart 10 timar

Skaffe hengslar og materiale, transport 10 timar

3 mann 1 kveld 9 timar

Oppmålingsarbeid og teikningar

Oppmåling 4 timar

Teikning i Autocad 12 timar

Fotografering 6 timar

Arbeid med torvhuset på Støylen

Rydde, ta ut heller 10 timar

Oppmåling og planlegging 8 timar

Bering av 7 taksperrer, trod og anna tilfang 60 timar

Sjølve arbeidet 10 timar

Fotografering og dokumentasjon av flora m.m. 

40 timar

Synfaringar

Til Støylen 5 timar

I Aardalen og Rydjajorda 12 timar

Dette er arbeid styret oppsummerte på møtet, til saman rundt 200 timar. I tillegg kjem sikkert mykje meir. Likevel er vi berre så vidt komne i gong, og oppfordrar alle vener av Aardalen om å gjere ein innsats.

Møtet slutt kl 20.00

For styret: Marianne Stender