Styremøte halde på Selje kommunehus søndag 26. august 2007 kl. 18.00 – 19.30.

 

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Per Arne Berge og Terje Hovden.

 

Saker til handsaming:

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

 

Sakliste for møtet:

 

Sak 1. Gjennomgang referat siste møte med status på saker

Sak 2. Organisering dugnad

Sak 3. Evt.

 

 

 

1

 

Orientering - materialbestilling

 

Jan kontakta etter siste møte Egil Holvik for å få ei fagleg vurdering av kva som måtte skiftast av takkonskruksjonen. I utgangspunktet hadde ikkje Egil høve til å ta på seg dette, men prosjektet tiltalte han så mykje at han vart med likevel. Ikkje berre var han i Årdalen og såg på våningshuset; han vart også med Jan på Liberra og oppdaga nye turalternativ i Selje kommune.

 

Egil var rask med å utarbeide ei materialliste som han sende til Jan. Nokre sperrer må skiftast og ca. 45 m2 trod. Skorsteinen må gjerast noko høgare.

 

Jan leverte materiallista til Bygger’n (Selje Trevare), Dragebygg og Bakke (eit lokalt sagbruk – Bjørkedalen?).

 

Bygger’n gav eit tilbod på kr 23.000,-, men måtte ha raskt svar slik at dei kunne hente det med eigen bil. Det vart derfor bestemt å ta det frå Bygger’n før dei andre tilboda var leverte.

 

I går fekk vi svar frå Dragebygg – deira pris var kr 14.194,-. Frå Bakke har vi ikkje fått pris endå. Vi legg merke til prisdifferansen, men kan ikkje gjere noko med det no. Materialen er alt kommen til Selje.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2

Transport av materialen til Årdalen

Når det blir verforhold til det, må materialen transporterast til Årdalen med båt og leggast på land. Dette vil Jan, Kaare og evt. Per Arne prøve å få til.

Transport av materialen frå fjøra og til lagerplass ved våningshuset blir neste oppgåve. Det vart diskutert om det var noko ei skuleklasse (8., 9. ell. 10. klasse) kunne ta på seg for ein fast sum. Arve avklarer dette mot Jan, pris kan evt. avtalast.

 

 

Jan / Kaare / Per Arne

 

Arve

 

 

 

3

Skifting av tak

Jan har snakka med Terje Edvardsen, Bjarne Krakereid og Bygger’n om reparasjon av øvre takside på våningshuset no i haust. Korkje TE eller BK kunne ta dette, medan Bygger’n meinte dei kunne ta arbeid i Årdalen nokre dagar.

 

4

Orientering – Sunnmørsposten i Årdalen

Jan har vore i Årdalen med Sunnmørsposten. Det vil truleg bli ein reportasje i avisa fyrstkommande laurdag. Flott – reportasjen får vi legge ut på heimesida.

 


 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

5

 

 

Registrering av dugnadstimar

Det er viktig å registrere dugnadstimar som blir gjort for Aardalens Venner. Vi har endå mykje som er uregistrert, t.d.:

ú          Per Arne: Samling og systematisering av bilder og anna stoff som

ú          Dagfred: Intervju etc.

ú          Jan: Synfaringar (m.a. med Egil H.) og arbeid med organisering / tilrettelegging.

ú          Kaare: Arbeid med registrering, kontakt med Nordfj. Folkemuseum etc.

Det er viktig at alle tek seg tid til å gå gjennom det som er gjort dei siste 2 – 3 åra, og skriv ned estimat på kor mange timar dei har brukt.

Oppgave sendast: Terje med kopi til styremedlemmane





Per Arne

Dagfred

Jan

Kaare



 

6

Orientering – låssystem

Kaare har no fått tak i systemlås til bygningane i Årdalen. Det betyr at same nøkkel kan brukast for å komme inn i alle bygningane, med eitt unntak: Kårhuset har separat lås. Kvar denne nøkkelen kan finnast, blir opplyst til styremedlemane.

 

7

Andre saker

Never som blir teke ned når taket skal reparerast må takast vare på og lagrast.

Taksteinen – må gå over det som tidlegare er teke ned for å sjekke kva som kan brukast opp att. Må også reingjerast – vi må sjå kva som må til (høgtrykksspyling eller berre skrubbing).

Jan tek sikte på ein tur til Førde for å snakke direkte med tilsette i fylkeskommunen. Frist for krav for tilskot (gjeve gjennom Stad Landskap) gjekk ut av ulike årsaker ut 30.6. – må prøve å få desse midlane i haust.

 

 

26.8.2007

th