Referat styremøte i Aardalens venner 30/9-07

Til stades: Jan Hammarsvik, Kåre Aardal, Marianne Stender.

Referat og innkalling godkjend.

Sak1. Status på aksjonar etter førre møte:

1.1           Pristilbodet frå Byggeren i Selje skal vere kr 5000 lågare enn det som står skrive i tilbodet. Pristilbodet er difor kr. 18.000.

1.2           Det har ikkje vore råd å frakte materiell ut til Aardalen p.g.a dårleg ver.

1.3           Utskifting av tak lyt vente til våren Jan gjer avtalar med Jan Petter Venøy og Terje Edvardsen om oppstart i vår rundt påsketider.

Sak 2. Vegen vidare.

Sidan vi har dekning på konto, går vi inn for å skifte heile taket på huset til våren.

Vi vil prøve å få tak i gratis takstein slik:

1.    Avisartikkel med tekst om arbeidet i Aardalen og foto av Jan med takstein til Fjordenes Tidende og Regionsavisa.

2.    Same info i oppslagstavla på Skårbø, men der ligg det og ein takstein så folk kan sjå kva type vi er etter.

3.    Artikkelen blir og lagt ut på heimesida vår.

Ansvarlege her: Jan og Marianne.

Sak 3. Vi treng meir pengar til arbeidet vårt.

Har fått oversender ein søknadskopi om kulturmidlar ”Vandring i kulturlandskap” og ”Lokale mattradisjonar”.

Er dette noko å søke på for oss? Dette vert i så fall for neste år.

Her må ein ta kontakt med Kristian på landbrukskontoret.

Ansvarleg: Arve ser på dette, og kjem med framlegg til søknad.

Sak 4. Rydding av Aardalen.

Flommen har teke med seg masse utover markane. Vi treng litt innsats med grafser og river for å rydde i dette. Jan ville ta seg ein tur.

Vi vil gjerde inne inntunet med husa, slik at dette området blir triveleg og fritt for sauelort. Gjerdestolpane må vere av einer.

Ansvarleg for å skaffe einestolpar: Jan.

Sak 5. Frakt av materiale.

Jan og Kåre fraktar materiale til Aardalen når veret blir bra nok. Kanskje må vi utsetje det til våren. Viktig at materialen og aggregatet er på plass til snekrarane startar.

- Kan konfirmantane vere behjelpelege med å frakte material opp til huset?

Ansvarleg: Marianne tek kontakt med Eline.

Marianne fekk dokument om arbeidet i Aardalen som skal scannast og leggjast inn på heimesida. Dette er dokument som er utarbeida av Ingvild Austad, Seksjon for landskapsøkologi. Det leggjast og inn eit synfaringsnotat.

Ansvarleg: Marianne.

Møtet slutt.

Marianne Stender

- referent-