Styremøte halde på Selje kommunehus søndag 10. februar 2007 kl. 18.00 – 19.20.

Desse møtte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Per Arne Berge og Terje Hovden.

Nr.

Sak / aksjon / frist

 

1. Gjennomgang referat siste møte med status på saker.

2. Restaurering av vindauger - Kåre orienterer 

3. Dugnad og transport av takstein.

4. Eventuelt

1

Gjennomgang referat siste møte

Jan gjekk gjennom referat frå siste styremøte (9.12.07).

ú          Notat som Marianne har fått skal leggast over i pdf-format for utlegging på heimeside. Terje har ikkje motteke dette frå Marianne.
Ansvarleg: Marianne/Terje

ú          Intervju av Arvid Aardal er no avskrive. Jan sender dette til Terje for overlegging i pdf-format og utlegging på heimesida
Ansvarleg: Jan/Terje

ú          Arve tok på seg å skrive søknad om midlar til restaurering av våningshuset, men er enno ikkje gjort. Jan tek kontakt med Ståle Olsen for å prøve å få hjelp
Ansvarleg: Jan

ú          Flistralada – Oddgeir Kvernevik har ein «lift» som kan leigast når bygget skal sikrast. Pris kr 1200,- pr. døgn, kr 1500,- for ein weekend. Må hentast på Åheim

2

Restaurering av vindauge i våningshus

I romjula og like over nyttår vart alle faga som tilhøyrde dei originale vindauga i våningshuset henta frå Aardalen. Kaare har seinare køyrt dei ut til Reidulf Ervik for å få ei vurdering av kva som kan brukast, kva som kan reparerast og kva som må lagast nytt.

Av de 14 faga kunne berre 4 nyttast om att, nokre kunne reparerast, og nokre var i så dårleg stand at nye måtte lagast (kopi). Reidulf har førebels gjeve ein pris på kr 2040,- pr, vindauge (altså x 7).

Reidulf kunne tenkje seg ein tur i Aardalen for å sjå på karmane, og Kaare kontaktar Reidulf for å få dette gjort så snart som mogeleg.
Ansvarleg: Kaare

3

Dugnad – transport av takstein

Vi har på hand teglstein av same type som er brukt i Aardalen både i Vågsvåg og på Bryggja. Det hastar no litt å få dette transportert til Skårbø for klargjering til helikoptertransport – helst i løpet av 14 dagar – 3 veker. Jan har tidlegare fått lovnad om hjelp til transport av Svein Bortne / Fiskevegn. Om det blir vanskeleg med å laste steinen på denne bilen (ligg på pallar), kan det vere aktuelt å leige kranbil (t.d. Bygger’n).

Det vart litt drøfting av korleis steinen må klargjerast for transport. Per Arne snakkar med Svein B, og Kaare snakkar med Asbjørn Bøstrand (Selje fiskeindustri). Mest truleg må steinen leggast på Euro-pallar med karmar, men om ein kan bruke krympeplast for å låse steinen på plass utan fare for knusing må dette vurderast. Storsekk vil vere vanskeleg å bruke til transport av teglstein (fare for knusing).

Reingjering av stein kan gjerast med skrubb av kunstfiber (kan kjøpast m.a. på Bygger’n).

Steinen må porsjonerast i passelege løft for helikopter. Dei minste lyfter opptil 600 kg. Truleg vil det løne seg å bruke helikopter med større kapasitet (færre turar).

Alt må vere på plass i Aardalen når snikkarane er klar etter påske. Det gjeld og stein til pipe og mørtel.
Ansvarleg: Per Arne/Kaare

4

Eventuelt

Jan melde at det nettopp har vore utført elveforbygging på Skårbø av Mindor Honningsvåg. Arbeidet var svært fint utført. Det er mogeleg å søkje om midlar til elveforbygging. Lensmannen (+ to til) vurderer prosjekta. Per Arne tek kontakt med lensmannen i morgon for å få vurdert om det er mogeleg å få støtte til elveforbygging i Aardalen. Elva går tidvis utanfor elveløpet, og dette kan lett føre til at matjord blir vaska vekk og det blir gjort stor skade.
Ansvarleg: Per Arne

Utedoen i Aardalen bør setjast i brukeleg stand før arbeid blir oppstarta. Jan snakkar med Atle Nøstdal for å høyre om han kan hjelpe med dette.
Ansvarleg: Jan

Årsmøte: Dette blir lagt til siste søndag i mars (30.3.). I vedtektene står det m.a. fylgjande om årsmøte:

«Styret kallar inn til årsmøte innan utgangen av mars kvart år. Medlemmane i vennelaget skal få melding om årsmøtet på forsvarlig måte og minst 2 veker før årsmøtet skal haldast.

Framlegg som medlemmane ynsker handsama på årsmøtet, skal være styret v/ leiaren i hende minst 1 veke før årsmøtet».

Valnemnda bør setjast i arbeid (Jan). Ansvarleg: Jan

Nytt styremøte 17. 2. kl. 18 på kommunehuset (fyrstkommande søndag).

10.2.2008

th