Referat frå styremøte i Aardalens Venner 17. februar 2008

Tilstades: Jan Hammarsvik, Terje Hovden, Per Arne Berge, Kåre Aardal, Marianne Stender og Atle Nøstdal.

Sak 1.  Gjennomgang referat siste møte med status på saker.

-         Jan la fram eit tilbod om skifte av glas mm.  frå Reidulf Ervik,  datert 16. februar 2008. Dette tilbodet fann styret særs godt. Dersom økonomien tillet det, bør vi slå til.

-         Vi bør ta kontakt med fagfolk på Fylkeskulturkontoret, og be om dei kan hjelpe oss med å lage til ein fornuftig arbeidsgong i arbeidet med å tilbakeføre Aardalen til slik den var, samt ei materialliste over det vi treng for å gjere dette etter forskriftene.

Vi trur at ved å ha fagfolk med oss på å prioritere arbeidsgongen og å vektleggje material og teknikkar, vil vi lettare kunne skaffe oss midlar til gjennomføring av arbeidet med Aardalen. Det vil og verte lettare å setje i gong arbeid, då arbeidsgongen allereie er sett opp punktvis i ei liste.

-         Den økonomiske stoda er dessverre ikkje så god. Det er store beløp som skal ut, og laget har ikkje mykje midlar tilgjengeleg. Jan vil forhøyre seg om ulike midlar vi kan søkje på.

-         Flistralada. Det vil bli eit svært tungt økonomisk løft for Aardalens Venner å få merka,

      plukka frå kvarandre, transportert og sett opp att lada i Aardalen. Vi vil derfor høyre   

      med Sparebanken Vest om dei kan tenkje seg å sponse oss med dette arbeidet som ein

      del av kultursatsinga deira. Flistralada vil gjere det mykje meir interessant å skipe til

      sosiale samlingar i Aardalen, og ein ser for seg ein framtidig samlingsstad der.  

     Ansvarleg: Jan.

-         Bruke heimesida vår, samt lage opppslag på Nabben for å rekruttere folk til 

     dugnadsarbeid. Vi ønskjer og at det er ei sosial ramme rundt dugnadene, slik at heile

     familien kan delta.  Vi kan t.d. grille pølser, ha kaffipauser med kaffimat, suppe og

     liknande.

     -  Det vidare arbeidet med Aardalen no i vil bli:

            1) Å setje i stand utedoen.

2)  å få ordna taket på våningshuset.

3)  deretter må ein få i orden resten av huset utvendig.

4) Kårhuset utvendig.

Sak 2.  Helikoptertransport av takstein og materiale.

      Til hovudhuset går det med ca. 1500 stein, dvs ca. 4,5 tonn.,

      Til kårhuset går det med ca. 1750 stein,  dvs. ca 4,7 tonn.

Det er viktig å vite kor mykje steinen veg med tanke på løfteevnen til helikopteret.  Jan og Kåre fer til Flatraket og finn ut kor mykje stein som går opp i eit løftekar. All steinen må vere lagt i dei 5 – 6 kara ein vil måtte trenge før helikoptertransporten ut til Aardalen. Vi trur ikkje vi vil greie å laste ut av kara mens helikoptertransporten føregår, så det må bli dugnadsarbeid med å tøme desse kara seinare.  Vi håper å få til uttransporteringa innafor ei tidsramme på 14 dagar.

Sak 3. Utedoen.

      Atle Nøstdal vil hjelpe oss med å lage i stand utedoen som må vere på plass før arbeidet med taket startar.

- Aggregat ( ca 40 kg) + bensin må transporterast ut.  Dette skal skje førstkomande laurdag 23. februar.     Ansvarlege: Jan, Terje og Atle.

Sak 4. Årsmøtet.

      Årsmøtet blir helde søndag 30. mars 08

      Stad: Selje Hotell

      Tid: kl. 18.00 – 20.30.

Valnemnda er allereie i gong.

Dersom vi blir sponsa, vil vi setje inn annonse i avisa.  Jan spør om sponsing frå Selje Hotell, eller Sparebanken Vest.

Vi set inn litt info til Fjordenes Tidende under ”Det skjer i helga” spalta. Ansv: Marianne.

Elles blir skriv lagt direkte i postkassene til dei som ikkje har e-mail.

Terje oversender medlemsliste pr. i dag med e-mail adresser.

Årsmelding: ansv. Terje og Jan

Rekneskapen: ansv. Terje

Presentasjon av kva laget har arbeidd med i 2007 , og kva arbeid som ligg for tur. Bilete frå tillaginga av torvhuset på Aardalsstøylen. Ansv. Terje.

Tinging av rom til årsmøtet på Selje Hotell: Ansv. Jan.

Møtet slutt.

Marianne Stender

- skrivar-