Styremøte halde på Selje kommunehus søndag 6. april 2008 kl. 19.00 – 21.15.

 

Frammøte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Per Arne Berge og Terje Hovden.

 

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

1. Gjennomgang referat styremøte 10. februar og årsmøte 24. mars med
    status på saker.

2. Konstituering av styret. 

3. Dugnad / kulturdag.

4. Eventuelt

 

 

Sidan heile styret ikkje var samla (fyrste møte etter årsmøtet), gjekk styret rett på sak 3.

 

1

Dugnad

Det store prosjektet som hastar no er å få på plass alt som skal transporterast frå Skårbø til Årdalen.

Takstein: Jan og Kaare organiserer å få transportert fiskekar til Vågsvåg (4 kar) og til Bryggja (3 kar). I Vågsvåg er det ca. 1000 takstein (~50 m2) som må leggast over i kar – kvar stein veg ca. 3 kg. På Bryggja er det ca. 700 stein (~35 m2), men desse må transporterast ca. 50 m før dei kan leggast i kara.

Planen er at dette skal vere klart til torsdag 17.4. Då skal Bygger’n ha tur til Flatraket, og kan hente steinen på same turen. Steinen blir då transportert til Skårbø i 7 kar.

Pipe: Murstein nok til å mure opp ny pipe over tak må også til Skårbø i eige kar. I tillegg bly for tetning rundt pipe, og sementmørtel. Også spikar osv. bør med i dette karet.

Takvindu: Per Arne – hadde du eit nytt takvindu som skulle til Årdalen?

Material: Også materialen som skal til Årdalen må fraktast til Skårbø. Alt må strammast opp med bandjern for å sikre at alt er fast.

Elles: Vi må ha ein tur i Årdalen for å planlegge kvar takstein og material skal plasserast. Kan vere behov for nokre Euro-pallar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jan / Kaare / Per Arne

 

 

 

 

Per Arne

 

Jan / Kaare / Per Arne

 

2

Verktøy

Vi må ha litt verktøy i Årdalen. Anleggsspade er alt på plass, men vi treng også hakke, grafse, grafsebrett, spett og trillebåre til utomhusarbeid.

Av anna verktøy treng vi sag, hammar, kubein, øks og hoggjern slik at vi ikkje treng å dra privat verktøy ut kvar gong arbeid skal gjerast. Jan har ei verktøykasse som vi kan overta. Han har også eit par stålstigar som blir donert.

Presenningar: Treng fleire presenningar.

Per Arne sjekkar ut dette.

 

 

 

 

Per Arne

 

3

Eventuelt

Jan avklarar med fylket kva type takrenne vi kan bruke i Årdalen.

Kaare sjekkar med Reidulf Ervik når vindua kan vere klar. Dei som evt. blir klar til helikoptertransporten kan transporterast til Årdalen.

Jan bestilte ellers at Kaare fiksar stor grill til jonsokafta, og krabbekokar til hausten.

Per Arne ser for seg at han kan fjerne eternit-taket på våningshuset om det høver i tid.

Anna: Jan har kjøpt transportabelt sagbruk. Dermed kan vi på sikt få laga eigen material til Årdalen, dimensjonert etter behov.

Elles har nokre damer etterlyst arbeid dei kan bidra med. Kanskje kan vi greie å lage jonsoksamling i Årdalen og få brent opp skrotmaterial og samtidig rydda litt i fjøra. Når taket er ferdig på våningshuset, kan det også vere aktuelt å ha ei reingjering inne i huset.

 

Jan

Kaare



Kaare

 

 

 

 

 

 

 

 

6.4.2008

th