Styremøte halde på Reset søndag 7. september 2008 kl. 18.00 – 20.15.

Frammøte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Atle Nøstdal og Terje Hovden.

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

 

Saker til handsaming:

Sak 1:  Referat fra siste styremøte

Sak 2:  Referat fra Aardalen v/ Jan

Sak 3:  Evaluering av friluftsgudsteneste og kyrkjekaffi v/Terje

Sak 4:  Vegen vidare

Sak 5:  Evt.

Saklista vart ikkje fylgt strengt.

 
 

Siste styremøte var søndag 2. august kl.18 i Årdalen. Berre Jan og Terje møtte. Møtet gjekk på litt avklaringar i høve takarbeidet. Det vart ikkje laga noko referat.

 

1

Referat frå siste styremøte

Jan gjekk raskt gjennom saker som var handsama på siste ordinære styremøte (6. april).

Dugnadar vart gjennomførte slik at takstein, stein til pipe, material etc. kom til Skårbø i god tid før helikoptertransport.

Air-Lift transporterte ut byggemateriala i 7 hiv. Per Arne hadde organisert folk både på Skårbø og i Årdalen slik at dette gjekk raskt. Kostnad til transport kr 12.241,-.

Verktøy: Det er no kjøpt inn litt verktøy som spade, hammar, kubein, øks etc.

Vi har rikeleg med presenningar.

Vindauga var ikkje klare før helikopterttransporten, men er no melde ferdige av Reidulf Ervik.

Kaare har fått laga både grill, krabbekokar og suppekokar til Årdalen. Grillen og krabbekokaren er alt på plass i Årdalen, og vart brukte i høve frilufts-gudstenesta til grilling av pølser og kaffikoking. Alt fungerte godt – men det er behov for ei avlastningsrist på grillen slik at det som er ferdig grilla kan fjernast frå grillvarmen. Kaare ser på dette.

 

2

Vindauga

Som nemnt er Reidulf ferdig med vindauga og vil gjerne at vi hentar dei for å frigjere plass. Kaare vil gjerne køyre dei, men har ikkje lagerplass. Tanken er å få dei ut i Årdalen og male dei der. Mellomlagreing kan vere nødvendig hjå Jan.

 

3

Knut Aaland og nytilsett på fylkeskulturkontoret vil ta ei synfaring i Årdalen i løpet av september.

 

4

Taket

Taket er no ferdig lagt, men det kan hende det er mulige lekkasjar ved at vatn kan trekkje gjennom langs spikrane til rektene. Never mellom trod og papp over sperrene har ført til det var vanskeleg å «klemme» rektene skikkeleg mot sperrene. Dvs. at vatn kan bli leda under rektene og deretter fylgje spikaren gjennom pappen. Terje Edvardsen vil fylgje litt med dette.

Elles vart det diskutert om det er nødvendig å setje inn takvindauge over loftsgangen. Blir evt. å vurdere når pipa skal fullførast.

Jan nemnde elles at det stikk spikar gjennom trodet der neveret er festa. Dette kan vere litt «skummelt» om nokon støyter opp i dei. Vi får sjå på det – kanskje må dei klippast av.

 

5.

Taket på torvhuset

Taket på torvhuset er ikkje ferdig. Den steinen som vart lagt ut opp på pappen sklei av når vinden fekk rive litt i det.

Vi vil vurdere om vi skal legge på torvtak. I så fall må vi legge ut «knorteplast» og spa grastorv på myra ovanfor torvhuset. Dette må vi ha ein plan for.

 

6

Saltekara

Dei kara som vart lånte til transport av takstein må leverast tilbake – i alt tre. Desse kan slepast etter at dei er komne på sjøen.

 

7

Geitafjøset

Vi må ha ein dugnad for å rydde geitefjøset slik at stillasmaterialen kan lagrast der. Det er mykje ubrukbar, gammal material etc. som kan sagast opp og lagrast i sekker.

 

8

Føring av timelister

Alle som er med på dugnad / arbeid i Årdalen må føre ei oversikt over timar. Dette vil vere vår eigeninnsats for å få ut tilskot. Send oversikt til Jan eller Terje.

 

9

Driftsbygning i Flister

I løpet av hausten må vi ta av ein del skiferstein og tette taket for lekkasjer. Når dette er gjort kan bygninga stå utan å ta skade.

Bjørn Helgesen vil låne oss stillas gratis.

Vi tek ei synfaring med det fyrste.

 

10

Friluftsgudstenesta

Årdalen var ei perfekt ramme for friluftsgudstenesta, og bør bli eit årvist arrangement. Alt gjekk etter planen, og folk stortreivst.

Kanskje skal friluftstenesta holdast i Årdalen før knotten blir plagsam, dvs. før jonsok. Dette snakkar Jan om i soknerådet.

 

11

Nye søknader og rekneskap

Jan og Terje tek eit møte fredag f.k. 12.9. kl. 17.30 for å søkje om unytta SMIL-midlar frå fylket. Dessutan må det sendast inn rekneskap m.a. for dei midlane vi fekk frå Stad landskap (kr 15.000,-).

 

7.9.2008

th