Styremøte halde på kommunehuset søndag 25. januar 2009 kl. 18.00 – 20.00.

 

Frammøte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Atle Nøstdal og Terje Hovden.

 

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

1

Referat fra siste styremøte

Siste møte var på Reset søndag 7. september.

ú   Vindauga leverte (og også betalte) – står lagra i fjøset i Hammersvik.

ú   Ref. at det er ein nytilsett på fylkeskulturkontoret som vil ta synfaring i Årdalen saman med Knut Aaland

ú   Taket ferdig –må ha litt tilsyn framover for å vere sikker på at alt er tett

ú   Endå ikkje ferdige med torvhuset på Libberstøylen. Vurdere om vi skal legge «knorteplater» og torv

ú   Levere tilbake saltekara

ú   Må ha dugnad for å rydde i geitafjøset. Gamal material kan kappast og lagrast i sekker.

ú   Før timelister på alt dugnadsarbeid

ú   Driftsbygninga i Flister – taktekking

ú   Friluftsgudsteneste – godt tiltak, helst før knotten vaknar

ú   Jan og Terje søkjer unytta SMIL-midlar (søkte 12.9. om kr 175.000,-)

 

2

Årsmøte 2008

Vi tek årsmøtet søndag 22. februar kl. 18.00 på Selje Hotel, alt. på kommunehuset om det ikkje er ledig. Vanlige årsmøtesaker, kontingent uendra. Valnemda må komme i gong – Magnar Drageseth vart innvald i styret i fjor, men har ikkje møtt. Bør velje ny fast medlem.

Jan syter for kunngjering, Terje lagar utkast til årsmelding.

Ad arbeidsprogram og budsjett: Avhengig av tilskot, kanskje kan vi ikkje få gjort særlig med våningshuset i år.

 

3

Økonomien i Aardalens Venner

Rekneskapet for 2008 er no ferdig. Vi har kr 16 795,61 i banken pr. årsskiftet.

Sjå vedlegg (resultatrekneskap).

 

4

Arbeid framover

a. Jan har rydda i ladetomta i Årdalen. Støypt fjøsgolv, i båsane er det lagt
    tregolv.

b. Rydding i geitafjøsen m.m. (Jan og Atle har byrja).

c. Flistralada – presenning vekk, spesielt på nedste side. Kaare har plater
    som kan brukast, har laga plan for festing av platene. Må kanskje vårast litt
    før vi tek dette?

d. Torvhus Libberrstøylen kan gjerast ferdig, må ha ny papp på taket. Evt.
    «knorteplater» om vi skal ha torv.

e. Brønnen kan lagast til.

 

f. Vindauga kan målast kvite. Husfarge: Truleg kvit – dette må vi komme
   attende til.

g. Mønekam på våningshuset. Jan har ei lengde galvanisert mønekam. Jan
   og Atle sjekkar om denne passar. Bestille liknand hjå Olsen Blikkenslager-
   veksted slik at vi har nok.

 

5

Jan orienterte om ny giv i Stad Landskap, og at Aardalens Venner må vurdere om vi skal ha ei haldning til bruk av naturen i kommunen (m.a. til vindmøller).

www.stadlandskap.no

 

 

26.1.2009

th