Tilbake

Styremøte halde i Hammersvik mandag 22. juni 2009 kl. 18.00 – 19.30

 

Frammøte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Per Arne Berge og Terje Hovden. I tillegg Odd Helge Løyning.

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

1

Nytt prosjekt på Rydjejorda?

Styremøtet hadde besøk av Odd Helge Løyning, som er student ved høgskulen i Sogndal.

Han skal denne veka besøke både Rydjajorda og Ytre Fure for å bestemme seg for kva område han skal skrive oppgåve om.

Prosjektet vil (om Rydjejorda blir valt) m.a. inkludere:

ú   Oppmåling og registrering av bygningar. Dette er for det meste gjenståande murar. Utfrå dette kan det kanskje lagast skisser / modellar av korleis bygningane truleg såg ut

ú   Registrering av plantar og kulturminner, evt. om dyrehald

ú   Prøve å danne seg eit bilde av korleis Rydjejorda har vore brukt.

Odd Helge skal ha samtale med Kristian Nave (kommunen) i morgon, og Kaare sa seg viljug til å vere med han ut på Rydjejorda seinare på dagen.

Så får vi berre håpe på at Rydjejorda blir prosjektet.

 

2

Søknader 2009

Jan orienterte om korleis det har gått så langt i år:

ú   SMIL-midlar. Avslag – ordninga noko omlagd, slik at Aardalen ikkje er mellom dei prosjekta som blir prioriterte

ú   Kulturmidlar – kommunen har tildelt oss kr 1.000,-

ú   Midlar for kulturminneåret 2009 – tilskot ikkje tildelt

Elles har vi inne søknad i SparebankenVest – dette er ikkje handsama endå.

Vi vurderer også å søkje Uni og Gjensidige.

 

3

Arbeid framover

Vi har etterkvart ein del prosjekt vi har starta på, men ikkje fullført eller gjort noko med, jf. siste møte:

1.     Ordne tunet – utvide oppover og ordne utrasa mur

2.     Få saltekara tilbake til eigarane

3.     Ordne mønekam på huset (ferdig produsert). Male vindskeier

4.     Rydde i geitafjøset – sage opp skrapmaterial til ved

5.     Legge platetak på Flistra-lada der taket er ope.

6.     Gjere ferdig torvhuset på reina til Libber-støylen

No har vi hatt gyldig fråver ein periode, men desse prosjekta må vi ta att seinare i sommar. Elles har vi slåttearbeid ifm. skjøtselsplanen, som vi reknar med kan gje oss litt inntekter og. Ingvild arbeider med skjøtselsplanen for Årdalen.

Opprenskning av elveløpet er òg eit arbeid som ikkje kostar pengar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

4

Økonomi

Pr. 31. mai hadde vi kr 21.136,- på konto. Det er for lite til å ta neste storarbeid, som er innsetjing av vindauge i original utsjånad, skifting av ytterkledning, og maling. På eldre bilde kan det sjå ut til at huset har vore kvitt med lister i ein bleik blåfarge.

Sidan vi strevar med å få offentlege tilskot, er det usikkert kva tid dette kan starte. Truleg må vi ha i storleik ca. kr 150.000 før dette arbeidet kan starte.

 

5

Forsikring av husa i Årdalen

Styret diskuterte om det er rett at Aardalens Venner skal forsikre bygningane i Årdalen, eller om det er grunneigarane som bør holde forsikring. Det er ikkje den store summen det gjeld (ca. kr 2.700,-), men meir det prinsippielle.

Per Arne skal snakke med eigarane, så får vi sjå kva ordning som blir bestemt.

 

 

23.6.2009

th