Tilbake

Styremøte halde på kommunehuset søndag 9.8. 2009 kl. 18.00 – 19.45

 

Frammøte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Per Arne Berge og Terje Hovden. I tillegg Ingvild Austad.

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

1

Skjøtselsplan for Årdalen

Ingvild Austad og Anne Lise Koller har laga utkast til «Årdal i Selje. Skjøtsels-plan for kulturlandskapet». Planen er laga som konsekvens av at Hoddevik – Liset no er eitt av 20 kulturlandskap i Norge som er utvalde som spesielt verdfulle å ta vare på.

Skjøtselsplanen skal leggast til grunn i arbeidet med å inngå avtale om skjøtsel av kulturlandskapet i Årdalen. Kva omfang denne vil få vil avhenge av fleire faktorar, m.a. kva midlar som blir stilt til disposisjon, kva vi kan forplikte oss til, og ikkje minst at Årdalen blir prioritert.

Austad ynskte møte med styret i Aardalens Venner for å få innspel på evt. endringar i skjøtselsplanen.

Innspel:

ú   Skjøtselsplanen er innleiingsvis for ein stor del skriven generell. Det ville vere greitt om det generelle blir supplert med det spesielle for Årdalen.

Austad føreslo at AaV tek på seg skjøtsel etter ein opptrappingsplan. Det viktigaste er å få einstapen vekk. Dette må gjerast ved å slå einstapen så ofte at andre vekster ikkje blir køyvde. Dei fyrste åra er det truleg fornuftig å legge opp til beiting av areala, seinare kan slått av utvalde areal / teigar vere meir aktuelt.

Konklusjonen på ei lang meiningsutveksling var at Ingvild og Jan skal ta kontakt med Truls Folkestad om Årdalen. TF er fylkeskommunen sin representant til å ha oppfølging mot Hoddevik – Liset og Grinde (Sogn). Det er viktig for prosjektet i Årdalen at både kulturlandskap og bygningsmasse blir sett i samanheng. Derfor må det offentlege tilføre midlar til vedlikehald / reparasjon av bygningane også om dette arbeidet skal ha lokal forankring. AaV ser ikkje for seg vidare arbeid utan at bygningane / tunet i Årdalen blir teke vare på. Det er viktig at dette blir signalisert tydeleg.

Likeeins er det ein del arbeid som må gjerast med opprensking av elva i Årdalen for å hindre at flaumvatn vaskar vekk alt jordsmonnet i områda Flatejølet / Storåkeren / Svora.

TF bør etter AaV si meining ta ei synfaring til Årdalen og Rydjajorda for å sjå med eigne auge kva verdiar vi har å ta vare på her.

TF bør også i saman med AaV og IA så tidleg som mogeleg i haust ha eit møte med ordførar, landbruksetat (Kristian Nave) og oppvekstetat (Bård Fløde) m.fl. for å få lokalsamfunnet til å engasjere seg i prosjektet. Også rektor ved Selje skule bør vere med på møte med tanke på å engasjere skulen i prosjektet. Kanskje kultur- og næringsetat (Anita Otneim Hoddevik) også burde ha vore med.

Møtet er ekstra viktig fordi signala frå fylkeskommunen (ved Knut Aaland) no kan tolkast som mindre positive m.o.t. å få støtte vidare. AaV tåler ikkje eit år til i vakuum (dvs. utan tilskot som gjev framdrift). I 2009 har vi ikkje fått SMIL-midlar eller andre offentlege tilskot som monnar. Dermed er det uråd å få gjort heilt avgjerande vedlikehald / reparasjonar bygningane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jan

 

2

Friluftsgudsteneste i Årdalen

Det er bestemt at det også i år blir friluftsgudsteneste i hagen i Årdalen.

Gudstenesta skal vere om 14 dagar, dvs. søndag 23. august.

Jan tek kontakt med Coop for å høyre om dei også i år vil sponse med kyrkjekaffi (kaffi og kringler) og evt. grillpølser.

 




Jan

3

Nedskriva historie for Rydjajorda

Vi har ved fleire høve høyrt om dei «100 handskrivne sidene» om folk etc. på Rydjajorda. Kommunen har ikkje kopi av dette, men det skal vere sendt fylkesarkivet.

Terje tek kontakt med fylkesarkivet for å sjå om vi kan få tilgang til dette.

 




Terje

 

9.8.2009

th