Tilbake

Styremøte halde på Reset fredag 5.2. 2010 kl. 17.30 – 18.45.

 

Frammøte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal og Terje Hovden. I tillegg Ingvild Austad.

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

1

Oppdating av tiltaksplan for 2010

Fylgjande aktivitetar vart lagt til tiltaksplan utarbeidd på styremøtet i desember:

ú   Gjere ferdig bakkemur og tun ved våningshuset

ú   Arrangere kulturdag i august

ú   Stå som vert for friluftsgudsteneste i siste del av august

 

 

 

 

Aardalens Venner

2

Turistbrosjyre for Årdalen

Terje har laga utkast til turistbrosjyre for å marknadsføre Årdalen / Aardalens Venner.

Brosjyra er planlagt i fargar med tre spalter, to-sidig. Skal brettast i tre brettar.

Kan leggast ut på klosterbåten, hotellet og forretningar i Selje. Blir klar seinast til årsmøtet for godkjenning.

 

 

 

 

Terje

3

Tiltak i Årdalen

Vi har motteke skriv frå fylkesmannen ved Truls Hansen Folkestad og fylkes-kommeunen ved Berit Gjerland med framlegg om arbeid vidare, og mogleg økonomisk og fagleg støtte.

Det blir skissert løysingar som styret ser positivt på å gå vidare med.

Styret i Aardalens Venner ber Folkestad og Gjerland om å bestemme ein dato for synfaring i mars / april i Årdalen. Kommunen bør også vere med (ved landbrukskonsulent Kristian Nave).

Styret håpar det også let seg gjere å få med representant frå Nedre Jølster Bilelag for å gjereei fagleg vurdering av korleis arbeidet på bygningane bør prioriterast vidare.

Møtet bør avsluttast med å utarbeide endeleg framlegg til av avtale mellom Aardalens Venner og fylkesmannen. Avtala må deretter leggast fram for styret i Aardalens Venner til godkjenning.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Terje sender utskrift.

 

 

05.02.2010

th