Tilbake

Styremøte halde på Sunnivahuset på Nabben søndag 4.7. 2010 kl. 19.00 – 20.30

 

Frammøte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Atle Nøstdal, Per Arne Berge, Anne Grete Kleppe og Terje
     Hovden.

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

Info

Sidan sist

ú   Ein murar som er med på restaureringsarbeidet på klosteret lovde å mure ferdig skorsteinen på våningshuset. Skorsteinen går berre opp under taket no. Jan og vedkommande har vore ut og gjort klart – no er det berre å sage hol og mure opp. Muraren vart kalt til Trondheim på eit arbeid, men reknar med å vere tilbake midt i juli. Vi håpar at skorsteinen vil bli gjort ferdig då.

ú   Elektriskgjerdet vi fekk levert (400 m) var av feil type – det kunne ikkje brukast i kombinasjon med solceller. Jan fekk avtale om å byte det inn med 10 % prisreduksjon. Solcellene er endå ikkje leverte, så Jan har måtta teke batteriet heim for ladding fleire gonger. Håpar at solcellene snart blir leverte.

ú   Jan og Kaare har rydda gjerdetraseane og sett opp gjerda. Det er to områder som er innhegna: Området mellom våningshuset og geitefjøset, og eit noko større område på austsida av elva.

Elles diskusjon om vi på sikt bør setje opp tradisjonelle nettinggjerde med einestolpar og grindar, spesielt i tunområdet. Viktig at området blir halde fritt for dyr slik at det kan haldast reint.

ú   Jan vil delta på møte i Leikanger 17. – 18. august om nasjonale kulturland-skap. Kostnadane blir dekka. Grinde – Engjasete i Leikanger kommune er i tillegg til Hoddevik – Liset eitt av dei 20 prioriterte kulturlandskapsområda i landet.

 

1

Rapport frå Nedre Jølster Bilelag ved Erlend Gjelsvik

Gjelsvik har gjort ei fagleg vurdering av kva arbeid som bør gjerast på vånings-hus, kårhus, geitefjøs og utedo. Rapporten skildrar ikkje i tekst kva arbeid som bør gjerast - alt er knytt til relativt enkle, men likevel oversiktlege kostnadsover-slag og basert på nødvendig materialer og arbeid rekna i dagsverk.

Rapporten er oversendt fylkesmannen ved Truls Hansen Folkestad og fylkes-kommunen ved Berit Gjerland, og det er bede om signal frå dei. Folkestad har planer om ei synfaring, vi håpar det kan bli med det fyrste. Gjerland har ikkje svara – er kanskje på ferie.

Kostnadsoverslaga håpar vi kan vere grunnlag for å få søkje på midlar slik at vi kan ta opp at reparasjons- og vedlikehaldsarbeida i Årdalen.

 

 

 

 

 

2

Slått i Årdalen

Dei områda som er gjerda inne skal slåast. Vi håpar på den måten å få vekk ein-stapen og vinne tilbake den naturlege kulturenga. Slåtten tek vi sikte på å få gjort i slutten av juli / byrjinga av august. Graset skal deretter tørkast på marka, slik at frø kan drysse av før høyet blir raka saman og fjerna.

Jan vil prøve å kontakte Naturvernforbundet v/ Hans Christian Hansen for å høyre om dei har folk som kan tenkje seg å vere med. Slåttearbeidet er tenkt gjort med stuttorv og ev. langorv, og det er ikkje så mange timar arbeid om det blir godt frammøte.

Terje lagar plakatar som vi kan henge opp i lokalmiljøet når vi ser at veret er høveleg. Vi kan også vurdere om vi vil kontakte lokalradioen («Mot helg») for å få litt «blest» om Årdalen.

 

 

 

 

Jan

 


Terje

3

Tunet

Det har ikkje vore arbeid med bakkemuren på tunet på lenge. I hovudsak er det ferdig utgravd, men gjennom vinteren har det frose laus litt masse og stein. Dvs. at ei viss rydding må til før murearbeidet kan starte. Elles er det ein jordfast stein som må fjernast før nytt fundament for muren kan påbyrjast.

 

 

 

Terje

4

Elva

Ei viss opprensking i elveløpet er nødvendig for å hindre at elva skal fløyme over bardane og øydelegge marka. Mykje av den steinen som må ryddast bort er ikkje tyngre enn at ein mann kan handtere dei (løfte eller rulle). Oppmodar folk om å ta eit tak her – ein times arbeid viser godt att!

 

Anna

Forsikring

Det er komme krav på forsikring av Årdalen til Per Arne. Sender det vidare til Terje for betaling.

 

 

 

04.07.2010

th