Framsida

REFERAT STYREMØTE I ÅRDALENS VENNER

Selje Hotel 7. august- 2016.  Kl 19.00
Tilstades: Per Arne Berge, Magnar Osmundsvåg, Terje Hovden, Wenche Leknesund.
Etter   konstituering ser styresamansetninga no slik ut:

  • Jan Hammersvik - Leiar
  • Wenche Leknesund - nestleiar og sekretær
  • Per Arne Berge - styremedlem
  • Magnar Osmundsvåg - styremedlem
  • Tormod Austring - styremedlem

Varamedlemmar:

  • Siw Fure
  • Terje Hovden
  • Atle Nøstdal

Inge Bakke og Håkon Berstad er revisorar, Doris Hammersvik og Unni Eltvik Hovden sit i valnemda. Terje Hovden har teke på seg å føre rekneskapet og vere kasserar for dette året.
I Jan sitt fråvær er det nestleiar som har det formelle ansvaret, men vi må alle ta ansvar, og dele på oppgavene som måtte dukke opp, og bruke dei som sit på kunnskap om Årdalen.
Vi diskuterte ellers:

  • korleis øke medlemstalet
  • muligheter for å søke tilskudd
  • kva er hastetiltak på bygningane i Årdalen
  • Facebookgruppe
  • tilstelningar.

Wenche lagar ei open gruppe for Årdalens venner på facebook. Der vil det bli lagt ut informasjon, samt kontonummer der ein oppmodar medlemmar av gruppa til å betale medlemsavgift. Vi håper såleis å auke medlemstalet.

Vi snakka om kva tilstelningar vi kan får til, til dømes open dag med steiking av vaflar på bål, grilling m.m. Her er det fritt fram å kome med forslag.

Wenche har snakka med Gunnar Silden om å søke etter midlar frå Marine Harvest. 

Vi vart enige om at opninga oppe ved taket på tilbygget må tettast før vinteren, slik at ikkje fuglar kjem inn i huset. Wenche og Siw har teke på seg å vaske huset innvendig for å få vekk fugleskiten, men elva har vore tørr i sommar, så det må vi ta når vi får tilgang på vatn.

Det har og høg prioritet å ordne gavlveggen mot sjøen på kårhuset.  

Magnar informerte om at han har hatt kontakt med folk frå fylket, som kjem til Selje i veke 33. Dei vil gjerne ut å sjå Årdalen. Magnar kan informere meir om dette på fb-gruppe for styret.

Sjå ellers heimesida til Årdalens venner (aardalensvenner.org).


Møte slutt kl 20.30
Ref: Wenche Leknesund