Tilbake

Årsmøte halde i Sunnivasalen på Selje Hotel 25. mars 2007 kl. 18.00 – 20.15

Til saman var 13 til stades på årsmøtet: Inge Bakke, Jostein Sande, Doris og Jan Hammersvik, Atle Nøstdal, Kaare Aardal, Ingvild Austad, Anne Lise Koller, Gunnlaug Sem, Per Arne Berge, Ruth Alice Aardal, Arve Åheim og Terje Hovden. I tillegg kom Thomas Bickhardt etter at årsmøtesakene var ferdige.

 

Jan Hammersvik ynskte dei frammøtte velkomne til fyrste årsmøtet i Aardalens Venner. Deretter gjekk ein over til å handsame årsmøtesaker.

1.       Godkjenning av innkalling til årsmøtet


Vedtak: Innkallinga samrøystes godkjend.

Arve Åheim føreslo at ein burde annonsere årsmøtet i avisa seinare år.

2.       Val av ordstyrar og møteskrivar

Jan Hammersvik vart vald til ordstyrar og Terje Hovden til skrivar. Samrøystes.


3.       Godkjenning av årsmelding

Arve Åheim las «Årsmelding 2006» for Aardalens Venner.

Inge Bakke stilte spørsmål om dei ca. 100 handskrivne sidene referert til i årsmeldinga. Jostein Sande kunne fortelje at dei fleste av desse no var maskinskrivne. Jan H. fortalde at han har planer om å intervjue Jostein med det fyrste, fordi han mange tilleggsopplysningar utover dei skrivne kjeldene. I den samanheng nemnde Inge Bakke at også Roe Liset har opplysningar som bør registrerast.

Vedtak: Årsmeldinga samrøystes godkjent.


4.       Godkjenning av regnskap 2006

Terje Hovden gjekk gjennom resultatregnskapen for Aardalens Venner 2006. Denne er oppgjort med inntekter kr 11.921,50 og utgifter kr 5.161,-. Dette gjev eit overskot kr 6.760,50 som er laget sin kapital pr. 31.12.2006.

Revisorane har bede om at det for seinare år blir lagt ved bilag frå banken på innbetalt medlemskontingent. Elles tilrår revisorane at laget godkjenner regnskapen slik den er framlagd.

Vedtak: Regnskapen samrøystes godkjend.

-------------

Det vart gjort greie for at Aardalens Venner disponerer ca. kr 50.000 som er tildelt til registreringsarbeid i Årdalen gjennom Stad Landskap. Pengane er enno ikkje overførte til konto som Aardalens Venner disponerer, fordi laget manglar registrering i Brønnøysundregisteret. Bankkonto kan ikkje opprettast for lag mv. utan godkjent organisasjonsnr. Av same grunn er kontoen til Aardalens Venner referert til i regnskapen førebels registrert i namnet til kasseraren.


5.       Kontingent, arbeidsprogram og budsjett

Jan H. gjorde framlegg om at kontingentar blir uendra for 2007. Kontingentane er kr 100,- for einskildpersonar, kr 200,- for familiar og kr 500,- for firma mv.

Vedtak: Kontingentane uendra i 2007. Samrøystes

Jan gjorde greie for at budsjett ikkje var sett opp for 2007. Laget er avhengig av offentlege og andre tilskot for å utføre større arbeid i Årdalen, og det er endå ikkje komme svar på søknadane. Det er inne søknader i Norsk Kulturminnefond, Sogn og Fjordane fylkeskommune (kulturminnevern), Sogn og Fjordane Energiverk og Sparebanken Vest.
 

6.       Godkjenning av vedtekter for Aardalens Venner

Terje las gjennom vedtektene som styret har utarbeidd. Det vart gjort nokre små endringar til §§ 6 og 7 etter framlegg frå Arve Åheim og Inge Bakke.

Vedtak: Vedtekter for Aardalens Venner godkjende av årsmøte med endringar nemnt ovanfor. Samrøystes

Vedtektene er ein føresetnad for å få registrert Aardalens Venner med eige organisasjonsnr. i Brønnøysundregisteret. Terje nemnde at Brønnøysundregisteret kan setje krav til laget før endeleg godkjenning, og at styret då burde ha ei fullmakt fra årsmøtet til å gjere nødvendige vedtak.

Dette slutta årsmøtet seg til samrøystes.

7.       Val av styremedlemmar

Doris Hammersvik gjorde greie for valnemnda sitt arbeid. Dei kandidatane som på stiftingsmøtet vart valde for eitt år, er på val no. Valnemnda hadde framlegg til både nye kandidatar og til attval. Alle kandidatane har vore spurde og har sagt ja.

Vedtak: Framlegg frå valnemnda vart samrøystes godkjent. Etter ynskje frå Per Arne Berge blir Kaare Aardal ny nestleiar.

Tillitsvalde i Aardalens Venner for 2007 er etter valet slik:

Styret:

Jan Hammersvik, leiar

1 år

 
 

Kaare Aardal, nestleiar

2 år

Dagfred Berstad ut – Kaare opprykk frå vara

 

Terje Hovden

2 år

Attval

 

Per Arne Berge

2 år

Ikkje på val – grunneigarrepresentant

 

Marianne Stender

1 år

 
       

Vara:

Atle Nøstdal

1 år

 
 

Arve Åheim

1 år

Attval – bede om eitt år

 

Dag Hamre

2 år

Ny

       

Revisorar:

Håkon Berstad

1 år

 
 

Inge Bakke

1 år

 
       

Valnemnd:

Unni Eltvik Hovden

1 år

 
 

Doris Hammersvik

2 år

Attval

 

Magne Skårbø

1 år

 


------------

Med dette var årsmøtesakene ferdige.

8.       Orientering om vegetasjons- og teigregistreringar i Årdalen

Anne Lise Koller orienterte om dei resultata dei førebels har etter arbeidet med registreringar sommaren 2006 (mastergradsoppgåve).

Fyrste orienterte Anne Lise om dei metodane som vart brukte. I alt var 72 «punkt» kvar på 0,5 m x 0,5 m var analyserte. Analysene tok for seg kornstørrelsefordeling, kjemisk samansetning (magnesium, kalsium, forfor, natrium etc.), pH og registrering av planteartar. 

Totalt vart det verifisert 177 ulike planteslag i Årdalen. Nokre av desse er «basekrevande», dvs. at dei veks på stader der jorda ikkje er sur. På tidlegare engmark vart det registrert 142 artar, medan det på tidlegare åkerland vart registrert 62 artar. I tidlegare åkrar var det normalt høgt fosforinnhald, medan det i tidlegare engareal var magnesium og kalsium (basisk) dominant. På såkalla «fukteng» 82 ulike artar, på strandeng 59 artar, og på strandberg 91 artar.

Svært vanlege artar var kusymre, jordnøtt, einstape og englodnegras. Som ein kuriositet vart nemnt at kusymre vert spreidd av maur i «underjordiske» gangar. Det vart også funne vanleg nattfiol (orkidé) og hjertegras (basekrevande). Desse to artane er ikkje så vanlege andre stader. Problemartar i Årdalen er einstape, byhøymol, myrtistel, knappsiv og lyssiv fordi desse får spreie seg fritt (blir ikkje beita). Utstrakt beiting kan føre til erosjonsskader i bratte skråningar, noko ein må halde kontroll med.

Når masteroppgåva er ferdig, blir denne tilgjengelig for Aardalens Venner.

Ingvild Austad utfylte med at Årdalen er så spesiell at området har nasjonal verdi. Det blir arbeidd med å få starte arkeologiske undersøkingar også.


9.       Anna

Det vart orientert om dei arbeida som er gjort i Årdalen, og om det som er planlagt. Mykje er avhengig av at vi får offentleg støtte, og det hastar. Både våningshuset og kårhuset står «på skade». Kårhuset er mellombels dekka med ein presenning for å indre fukinntrenging i tømmeret.

Kaare skal byrje å registerer ting som finns i Årdalen. Han er i kontakt med Nordfjord Folkemuseum på Sandane for å få profesjonell hjelp/rettleiing til dette.

Jan orienterte om interessa det er for Årdalen i fylkeskommunen. Dei har uttalt seg uvanleg positivt om prosjektet, og kva verdi Årdalen har i nasjonal samanheng. Dette er støtta opp av uttale som Ingvild Austad har gjeve.

Tavla på snuplassen på Skårbø må bli vårt utstillingsvindauge. Det er viktig at det blir orientert med tekst og bilder om kva som blir gjort i Årdalen.

Inge Bakke tok på seg å lage ei heimeside til Aardalens Venner. Denne kan fyrst takast i bruk når vi får eige organisasjonsnr. Inge er interessert i stoff om Årdalen, og dette kan sendast han på e-post til adresse bakke43@start.no.


10.   Til slutt viste Thomas Bickhardt tre fine bildeseriar med musikk til frå Årdalen, Selja og Stadhalvøya elles. Mange av bilda er tekne i høve ei ny bok om Selje som kjem i slutten av 2007.

Referent:

Terje Hovden

Tilbake