[ Framsida ] - [ Organisasjon ]

Referat frå årsmøtet i Aardalens Venner,  24. mars 2008

Det var 10 frammøtte på årsmøtet som blei helde i Sunnivasalen på Selje Hotell, måndag 24. mars.

Leiaren, Jan Hammarsvik, ønskte velkommen. Vi gjekk så gjennom sakene på saklista til årsmøtet:

Sak 1. Innkallinga av årsmøtet vart godkjend

Sak 2. Val av ordstyrar og referent

Jan Hammarsvik vart vald til ordstyrar, og Marianne Stender vart vald til referent.

Samrøystes godkjend.

Sak 3. Årsmelding

Terje Hovden gjekk gjennom årsmeldinga som og ligg på heimesidene våre.

Det kom inn merknad på at neste år må ein òg ta med talet på dugnadstimar i årsmeldinga for 2008. 

Årsmeldinga for 2007 vart samrøystes godkjend.

Sak 4. Rekneskap

Rekneskapen vart gjennomgått, og samrøystes godkjend.

Sak 5. Innkomne saker

Ingen innkomne saker.

Sak 6. Budsjett, kontingent og arbeidsprogram

Terje Hovden gjekk gjennom budsjettet.  Det er vanskeleg å seie eksakt kor mykje utlegg og inntekter ein vil få for 2008, men med det planlagde arbeidet veit vi at det vil trengast mykje pengar for å kunne gjennomføre dette.

Det vart bestemd at medlemskontingenten skulle vere uforandra,  altså kr 100 for medlem, kr 200 for familiemedlemskap og kr 500 for firmakontingent. Dei firma som ynskjer det, kan få namnet eller logoen sin på heimesida vår.

Samrøystes godkjend.

Sak 7. Val av styreleiar

Jan Hammarsvik var innstilt som leiar frå valnemnda.

Ingen fleire framlegg kom. Jan Hammarsvik vart samrøystes vald som ny styreleiar for 2 år.

Sak 8. Val av styre

Magnar Drageseth vart vald for 2 år, men vil bli spurt etter 1 år.

Varamedlem til styret:

Atle Nøstdal tek gjenval for 2 år

Anne Grete Kleppe, 2 år.

Det kom ikkje motframlegg til valnemnda sine kandidatar,  og valet var samrøystes.

Sak 9. Val av revisorar:

Håkon Berstad, attval, 1 år

  Inge Bakke, attval, 1 år

Samrøystes valde.

Sak 10. Val av valnemnd:

Unni Eltvik Hovden, attval, 2 år

Sylvi Olsson, ny, 2 år

Doris Hammersvik, 1 år.

Samrøystes valde.

Det nye styret for Aardalens Venner for 2008 vert då:

Leiar, Jan Hammarsvik, 2 år

Styremedlem, Kåre Aardal, 1 år

Styremedlem, Terje Hovden, 1 år

Styremedlem, Per Arne Berge, 2 år (grunneigarrepresentant)

Styremedlem, Magnar Drageseth, 2 år (vil bli spurt etter 1 år)

Vara:

Atle Nøstdal, 2 år

Dag Hamre, 1 år

Anne Grete Kleppe, 2 år

Revisorar:

Håkon Berstad, attval, 1 år

Inge Bakke, attval, 1 år

Valnemnd:

Unni Eltvik Hovden, attval, 2 år

Sylvi Olsson, ny, 2 år

Doris Hammersvik, 1 år

Sak 11. Eventuelt

Ingen saker.

Til slutt fekk vi ta del i ”Aardalen i ord og bilete” ved Terje Hovden. Dette var eit særs interessant innslag som viser kva arbeid som er lagt ned i Aardalen fram til no, og korleis stoda er på bygningane i Aardalen. Det vart og vist til kva som må gjerast med det aller første for å ta vare på bygningane som står på skade.

Desse bileta  ligg ved årsmeldinga på heimesida vår.

Møtet slutt.

Marianne Stender

- referent-