Tilbake

AVTALE

mellom

eigarane av Aardalen gnr. 52 bnr. 1 i Selje

og

Aardalens Venner

1. FØREMÅL

Avtale er sett opp mellom grunneigarane til Aardalen og styret i Aardalens Venner. Føremålet for avtalen er eit felles ønskje om å setje i stand og halde ved like bygningar og funksjonar med grunnlag i lokal tradisjon, byggjeskikk og bruksmåtar.

2. EIGARSKAP

Grunneigarane vert framleis og uforandra eigarar til grunn, bygningar og lausøyre. Dei gjev likevel bruksrett til Aardalens Venner ved styret, som skal yte stønad til attreising, vøling og bruk av plassen.

3. BRUKSRETT

3.1 Attreising og framtidig bruk av plassen skal vere ut frå museale og kulturelle omsyn, og skal tene ålmenne interesser (t.d. skular, lag og organisasjonar).

3.2. Bruken skal administrerast av Aardalens Venner, eller dei som får fullmakt av desse. Aardalens Venner har ansvaret for å lage bruksreglar.

4. SÆRLEG BRUKSRETT

4.1 Grunneigarane har særrett til bruk av hovudhuset til oppbevaring av eigne gjenstandar, og til å bruke dette til eigne føremål når dei er på staden.

4.2 Hovudhuset vil kunne vere tilgjengeleg for Aardalens Venner og andre i spesielle samanhengar etter nærare avtale.

5. ØKONOMI

5.1 All nødvendig byggjekapital må reisast i form av offentlege tilskot, kulturmidlar og /eller private ytingar for å restaurere garden.

5.2 Grunneigarane fråskriv seg eit kvart økonomisk ansvar for utgifter i samband med restaurering, attreising, vøling og bruk av plassen. 

5.3 Aardalens Venner har ansvaret for å hente inn naudsynt bygge- og driftskapital, som t.d. offentlege tilskot, kulturmidlar, eller private ytingar.

5.4. Det er ikkje tenkt at det skal vere økonomisk drift av nokon art i Aardalen. Unntak er arrangement eller kurs der arrangøren kan ta avgift eller anna form for inntekt til å dekke eigne utgifter. Eventuelt overskot av slik drift skal settast av til vedlikehald og stell av Aardalen.

6. ARKITEKTUR OG FAGLEG SKJØNN

6.1. For å utnytte og ta vare på det lokale initiativet, er det viktig at ein engasjerer fleire ulike interesser i arbeidet. Det må likevel vere ei overordna leiing og eit arkitektonisk / historisk fagleg skjønn for arbeidet.

6.2. Styret i Aardalens Venner tek på seg å rådføre seg med instansar som ein finn eigna i dette arbeidet.

6.3. Det overordna målet er å skape ei estetisk eining og tilnærma historisk rette løysingar.

7. TIDA FOR AVTALEN

Avtala gjeld i 20 år. Aardalens Venner har deretter opsjon på å inngå ny avtale med grunneigarane.

8.EVENTUELLE TVISTEMÅL

Grunnlaget for dette samarbeidet og denne avtalen er felles interesse for å ta vare på Aardalen.

Sjølv om dette er eit felles mål som alle ynskjer skal prege arbeidet framover, kan ein likevel ikkje utelukke at det kan oppstå konfliktar. Eventuelle konfliktar skal løysast etter følgjande reglar:

  1. Styret i Aardalens Venner møter eigarane eller deira utsende som likeverdige partar og drøfter framlegg dei kan einast om.

  2. Om dei ikkje vert samde etter punkt 1, møtest partane igjen med kvar sin fagrepresentant.

  3. Om konflikten framleis ikkje finn løysing, nyttar ein framgangsmåten i § 9 – Tvister i vedtektene, siste lekk:

  4.  «Om tvistar ikkje finn løysing, skal dei løysast ved voldgift. Sorenskrivaren tek då avgjersle etter at begge partar har fått lagt tvistemålet sitt fram på sin måte».

Vi stadfester med underskrift at vi kjenner ordlyden i avtalen og samtykkjer. Avtalen er berre gyldig om begge partar har signert.

Tjørvåg,

     /            2007

Grunneigarane:

Ruth Alice Aardal

 
 

Jorunn Marie Vattøy

 
 

Hilde Petrine Leikanger

 

Selje,

     /            2007

Aardalens Venner:

Jan Hammersvik, leiar