Tilbake

Årsmelding 2006

Aardalens venner vart stifta på eit møte arrangert i Sunnivasalen på Selje Hotel 19. mars 2006 etter  initiativ frå Jan Hammersvik. På skipingsmøtet var det vel 25 personar frammøtte, og det vart fortalt litt om den nære historia til Aardalen. Bruket vart fråflytta endeleg i 1957 (dvs. for 50 år sidan i år), då Arvid Aardal flytta til Tjørvåg.

På skipingsmøte heldt Ingvild Austad eit interessant foredrag om undersøkingar som har vore gjort på  fråflytta busetnader m.a. i Sogn. Dette arbeidet har vist at dei eldste buplassane har vore på desse stadane, og ikkje på storgardane. Kanskje kan også undersøkingar i Aardalen vise ei lang historie bakover?

Jostein Sande fortalde om at det eksisterer ca. 100 handskrivne sider om dei som har budd i Aardalen og på Rydjajorda. Han fortalde m.a. om utflytting til Sør-Afrika for gullgraving, så det var spennande reisemål den gongen òg. Møtelyden vart einige om at Aardalen måtte takast vare på, og det vart valt personar som skulle utgjere det fyrste styret. 

I fyrste møte 26. mars 2006 konstituerte styret seg, og fekk slik samansetjing:

Leiar

Jan Hammersvik

2 år

Nestleiar    

Per Arne Berge                                 

1 år (+ 2 år)

Skrivar       

Dagfred Berstad                                

1 år

Kasserar

Terje Hovden

1 år

Medlem

Marianne Stender

2 år

Vara

Kaare Aardal

2 år

Vara

Atle Nøstdal

2 år

Vara

Arve Åheim

1 år

I tillegg vart Inge Bakke og Håkon Berstad bedne om å vere revisorar, og Magne Skårbø, Doris Hammersvik og Unni Eltvik Hovden vart valnemnd for vennelaget.

Arbeidet dette fyrste året har av ymse grunnar ikkje hatt den framdrift som kunne ynskje. Likevel har det skjedd litt. Styret har hatt 6 møter og handsama i alt ca. 40 saker. Sakene har famna om alt frå verving av medlemmar til utarbeiding av vedtekter. Det er viktig at dei formelle tinga er i orden slik at laget kan registrerast i Brønnøysundregisteret og vi kan søkje på offentlege tilskot.  

Det fyrste konkrete prosjektet etter oppstarten i vår var «kultur-dagen» i Aardalen søndag 7. mai. I fint vårver og med bakkane pynta med tusenvis av kusymrer, møtte det fram 40 - 50 personar. Alle fekk sjå seg om i bygningane på bruket, og det vart servert nydeleg fiskesuppe og loff. Jan orienterte litt om Aardalens Venner, og kva funksjon vennelaget skal ha i åra som kjem. Mange sa seg interesserte i å vere medlemmar i Aardalens Venner.

I tillegg til å arrangere kulturdagen, vart det tidleg bestemt at det måtte reisast ei informasjonstavle for Aardalens Venner ved snuplassen på Skårbø. Kaare Aardal både teikna og fekk laga tavla, slik at ein liten dugnadsgjeng kunne reise tavla ein sein laurdagskveld ved «porten» til Aardalsfjøra.

Etter at laget fekk oppretta eigen konto i sparebanken, var det klart for å teikne medlemmar. Fyrste året har vi hatt  vel 70 medlemmar. Nokre av desse har direkte tilknytning til Årdalen, men elles er det mange som har brukt Årdalen som eit nært og kjært turmål i årevis.

Det er mykje som treng gjerast med dei bygningane som ennå står i Årdalen. Rotskader og lekkasjer er den største faren, og det viktig å komme i gang med arbeid for å stoppe forfallet. Sidan det krevst mykje midlar til dette arbeidet, må vennelaget støtte seg til offentlege tilskotsmidlar og andre gåver. Vi håpar at tilskota blir så store at dette skal bli mogeleg.

I haust vart det sett i gang arbeid med å gjenreise torvhuset som ligg på reina nedanfor Årdalsstøylen. Taket rasa saman for nokre år sidan, og murane har òg fått litt skade. Kaare og Jan fekk laga nye sperrer, og to sperrer av i alt 7 vart streva opp. Takhellene vart rydda ut av murane, og ein del av nedste muren vart teken ned. Ein del av dette er murt opp att, men det er endå ein god del arbeid før nye sperrer kan leggast på. Her trengs det hjelp til våren for å setje dette i stand; sperrer må berast opp, og murane må gjerast ferdige. Når torvhuset er reparert og ordna, blir dette ein fin rasteplass på tur fra Rydjajorda til Liberra.

Fyrste driftsåret til Aardalens Venner vart eit oppstartår, der relativt lite praktisk vart gjort. No håpar vi at 2007 skal bli starten på ein positiv periode for Årdalen.

Styret for Aardalens Venner