Tilbake

 

 

Referat frå årsmøte i Aardalens Venner

 

Stad:    Hagestova, Selje Hotel

Dato:    22. februar 2009

Tid.       kl. 18.00 – 20.20

 

Frammøtte:       Doris og Jan Hammersvik, Ingvild Austad, Jostein Sande, Per Arne Berge, Atle Nøstdal, Kaare Aardal, Inge Bakke, Unni og Terje Hovden (10).

 

Jan Hammersvik ynskte alle velkomne til årsmøtet, og bar fram ei takk til hotellet for sponsing av møterom og servering (kaffi og vafler).

Innleiingsvis peika Jan på at 2008 har vore eit godt år med framdrift i arbeidet i Årdalen. Når Årdalen i tillegg er ein viktig del av området Hoddevik – Liset som nasjonal plan for kulturlandskap nyleg peika ut som eit av to særeige kulturlandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar i Sogn og Fjordane, gjev dette håp om meir hjelp i arbeidet.

Under siste punkt «Eventuelt» vil Ingvild Austad komme inn på dette.

Saker handsama på årsmøtet:

 

1.     Godkjenning av innkallinga til årsmøtet

Ingen merknader, samrøystes godkjent.

2.     Val av ordstyrar og skrivar

Terje melde seg som skrivar, og gjorde framlegg om at Jan var ordstyrar. Samrøystes godkjent.

3.     Godkjenning av årsmelding frå styret

Terje las årsmeldinga (er utlagt på heimesida). Ingen merknader, samrøystes godkjent.

4.     Godkjenning av revidert rekneskap for 2008

Terje las opp revisjonsmeldinga frå revisorane. Rekneskapen er tilrådd godkjent av revisorane.

Terje gjekk gjennom resultatrekneskapen (sjå heimesida), der utgiftene i 2008 var
kr 43 565,39 større enn inntektene. Totale inntekter kr 139 202,-, totale utgifter
kr 182 767,39.

Behaldning pr. 31.12.2008 kr 16 795,61.

Rekneskapen vart samrøystes godkjent.

5.     Kontingent, arbeidsprogram og budsjett

Jan gjorde framlegg om at medlemskontingenten var uendra:

Kr 100,- for enkeltmedlemmar, kr 200,- for familiar og kr 500 for firma.

Samrøystes.



Terje gjekk gjennom budsjettet for 2009:

Post

Inntekter

Utgifter

Forventa inntekter 2009

 

 

 

 

Medlemskontingentar – ca. 80 medlemmar

kr

8.000,-

 

 

Kulturmidlar Selje kommune

kr

40.000,-

 

 

Nye SMIL-midlar Selje kommune

kr

75.000,-

 

 

Gåver almennyttige føremål

kr

10.000,-

 

 

Tilskot fylkeskommunen

kr

100.000,-

 

 

Dugnadsarbeid – 400 t

kr

100.000,-

 

 

 

 

 

 

 

Planlagde investeringar / utgifter

 

 

 

 

Helikoptertransport byggematerialer / vindauge etc.

 

 

kr

15.000,-

Byggematerialer

 

 

kr

50.000,-

Arbeidspengar (tak, vindauge, kledning etc.)

 

 

kr

220.000,-

Oppmuring av skorstein, oppretting av grunnmur

 

 

kr

38.000,-

Innkjøp av div. reiskapar

 

 

kr

10.000,-

 

kr

333.000,-

kr

333.000,-

Arbeidsprogram
Arbeidsprogrammet 2009 er i realiteten det same som planlagde investeringar 2009. Aktiviteten må til eikvar tid avpassast etter økonomisk evne, dvs. at om vi ikkje får budsjetteret inntekter, må investeringane reduserast tilsvarande. Det kan i verste fall føre til at 2009 blir eit år der vi må spare pengar for så å gjennomføre arbeid i 2010. Jf. 2007 / 2008.

6.     Innkomne saker

Ingen saker innmelde.

7.     Val av styremedlemmar

Unni la fram fylgjande framlegg frå valnemnda:

Jan Hammersvik     -           ikkje på val        (1 år)
Kaare Aardal          -           attval                (2 år)
Terje Hovden          -           attval                (2 år)
Per Arne Berge       -           attval                (2 år)
Atle Nøstdal           -           rykkjer opp fra vara til fast styremedlem (1 år)

Atle avløyser Magnar Drageseth som hadde eitt år att i styret. 

Samrøystes.

8.     Val av varamedlemmar, revisorar og valnemnd

Varamedlemmer:
Dag Hamre            -           attval                (2 år)
Anne Grete Kleppe -           ikkje på val        (1 år)
Magnar Drageseth  -           ny vara             (1 år)

Magnar går ut av styret etter eige ynskje.

Samrøystes.

Revisorar:
Inge Bakke             -           attval                (1 år)
Håkon Berstad       -           attval                (1 år)

Valnemnd:
Doris Hammersvik  -           attval                (2 år)
Unni Eltvik Hovden -           ikkje på val        (1 år)
Sylvi Olsson          -           ikkje på val        (1 år)

9.     Eventuelt

Innleiingsvis hadde Jan meldt at Ingvild Austad ville orientere litt om kulturlandskapet i Årdalen og på Rydjajorda under eventuelt.

Ingvild viste til den moglegheit som nasjonal plan for kulturlandskap gjev for å stelle kulturlandskapet i Årdalen. Ved inngå kontrakt om ein «skjøtselsplan» for innmark i Årdalen, kan Aardalens Venner få årlege tilskot til å gjennomføre dette. I hovudsak vil det dreie seg om å slå innmark slik at uynskt vegetasjon (som t.d. einstape) ikkje lenger har vekstvilkår. Vidare kan det vere aktuelt med grøfting av teigar som har dårleg drenering, reparasjon av murar der dette er nødvendig etc.

Det blir viktig å fylgje med kva vegetasjon som etter kvart etablerer seg på teigane etter gjennomført slått over fleire år. Dette kan så samanliknast med den vegetasjon som er registrert i dag. Å ta vare på artar som t.d. jordnøtt (som det er mykje av i Årdalen) er viktig.

Slått vil i fyrste omgang bety at vi må slå med ljå og helst tørke det på marka før vi fjernar det. Seinare kan det vere aktuelt å utvide dette med litt hesjing. Det er viktig at graset til slutt blir fjerna frå slåttetteigane.

Ingvild vil hjelpe oss å komme i gang med dette. I fyrste omgang må vi (ved styret) bestemme oss for kor mykje vi kan makte å slå anten ved dugnad eller innleigd hjelp. Deretter må det søkjast om midlar. Det er viktig å komme i gong i år.   
_ _ _

Elles vart det drøfta korleis vi evt. kan knyte skulen opp mot prosjekt i Årdalen. Det er viktig å trekkje inn instituasjonar som over år kan knytast mot prosjekt i Årdalen.

Også registreringsarbeid vart teke opp, der Kaare alt har vore i kontakt med Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Kanskje kan det også vere aktuelt å kontakte Kystmuseet i Florø om dette.

 

Møtet slutt.

 

Terje Hovden                                              Jan Hammersvik                       
kasserar / sekretær                                     leiar