Tilbake

 

Styremøte halde på kommunehuset søndag 12.12. 2010 kl. 19.00 – 20.10.

 

Frammøte: Jan Hammersvik, Kaare Aardal, Per Arne Berge og Terje Hovden.

 

Nr.

Sak / aksjon / frist

Ansvarleg

Info

Gjekk gjennom referatet frå forrige møte 4.7.

ú   skorsteinspipen gjort ferdig

ú   elektrisk gjerde var av feil type for å bruke saman med solcelle - bytta inn

ú   avklart med Folkestad at det ikkje er aktuelt med permanente gjerder - kun elektriskgjerder

ú   Jan (og Sverre Hoddevik) deltok på møte i Leikanger 17. – 18. august om nasjonale kulturlandskap. Det vil på sikt truleg bli nærmare 100 nasjonale kulturlandskap ifg. landbruksminister Lars Peder Brekk. Dei fleste av områda er i full drift

 

 

Søknad til Norsk Kulturminnefond

Søknaden vår vart ikkje tilgodesett med midlar. Berre eit fåtal fekk støtte.

 

 

Fylkesmannen på synfaring i Årdalen

Folkestad (frå fylkesmannen) har vore på synfaring i Årdalen saman med Jan. Fornøgd med slåttearbeidet som er gjort, men påpeika at slåttegraset må brennast for å hindre spreiing av vekster vi vil ha vekk.

 

 

 

Møte mellom kommunen og Fylkesmannen

Jan orienterte om at det vil bli eit møte for å sikre at ekstraordinære SMIL-midlar går til Aardalens Venner.

 

1

Tunet

Folkestad var også nøgd med arbeidet som er gjort på tunet. Styremøtet diskuterte litt ferdiggjering, behov for å senke tunet litt når hellelegging blir ordna.

 

Elva

Lite gjort i elva i år - berre ein dugnad av to mann. Kaare melde om at det var tegn til utgraving nedanfor brua.

 

Forsikring

Grunneigarane er villige til å betale forsikring. Vi bør gjere eit vedtak på dette (Per meiner det er eit vedtak på at Aardalens Venner skal betale).

 

2

Skjøtselsavtale

Vi har motteke framlegg til avtale frå Fylkesmannen som vi godtek. I oversendingsskriv vil vi grunngjeve kvifor vi meiner at ev. godtgjersle for beiting må tilfalle Aardalens Venner.

 

 

Terje

3

Dugnad for å brenne einstape etc. i vinter / vår

Jan har snakka med brannvernet.Mulig å låne sløkkeutstyr. Avbrenning når det blir tilhøve for det.

 

4

Innsending av timeoversikt

Terje lagar oppstilling og sender krav. Jan skaffar underlaget.

 

Jan / Terje

5

Årsmøte

Bestemt at årsmøtet skal haldast søndag 27. februar.

 

 

 

12.12.2010

th