Tilbake

Vedtekter for Aardalens Venner

Vedtekne på styremøte 11. februar 2007 og stadfesta på årsmøtet 25.03.2007.


§ 1 - Namn

Namnet til vennelaget skal vere «Aardalens Venner».

§ 2 - Føremål

Aardalens Venner har som føremål fylgjande:

  1. Ta vare på og reparere hus og tun
  2. Skjøtte kulturlandskapet
  3. Ta vare på og setje i stand tekniske strukturar som
    • steingardar
    • murar
    • rydningsrøyser
  4. Samle og ta vare på verdiar og opplysningar om
    • personar knytte til Årdalen og Rydjajorda
    • bruksting og anna lausøyre
    • jordteigar og torvtak
    • bruk og bruksmåtar
    • levevis og kvardagskultur
  5. Atterreise forvitra bygningar på plassen.
  6. Fremje besøk og bruk av plassen til tur- og kulturføremål

§ 3 - Eigarskap

Grunneigarane av Årdalen, gardsnr. 52 bruksnr. 1 i Selje, er framleis eineeigarar av grunn og bygningar på bruket.

§ 4 - Bruksrettar

I eiga avtale mellom eigarane av gardsnr. 52 bruksnr. 1 og Aardalens Venner dat. 21.01.2007, er det gjeve vennelaget ved styret bruksrett til eigedom og bygningar som vederlag for hjelp til attreising, vøling og stell av garden.

Bruksretten skal syte for at det blir teke generelt omsyn til vern og kultur, og tene almenne interesser i høve til skule, lag og organisasjonar. Det må lagast særskilde reglar for slik verksemd for å sikre forsvarleg drift, reinhald og liknande.

Grunneigarane har ein særleg rett til å kunne bruke hovedhuset (våningshuset) når dei er på staden. Det er derfor eigne reglar for bruk av sjølve våningshuset, normalt etter eiga avtale.

§ 5 - Medlemskap

Alle som vil kan bli medlemmer i Aardalens Venner. Medlemskap kan vere personleg, men det er også høve til å teikne medlemskap for familiar, organisasjonar, lag, firma og liknande.

Medlemskap skal ikkje forplikte til arbeid eller dugnad. Dette skal vere ei friviljug sak for den enkelte.

Årsmøtet fastset kontingentar for ulike medlemskap.

§ 6 - Styre for vennelaget

Laget skal ha eit styre på fem – 5 – medlemmar med tre – 3 – varamedlemmar. Desse skal veljast av årsmøtet, men styret kan konstituere seg sjølv. Leiar og nestleiar blir valde på årsmøtet.

Styret skal stå føre drift av laget, og arbeide for saker som støttar føremålet i § 2.

§ 7 - Årsmøte

Styret kallar inn til årsmøte innan utgangen av mars kvart år. Medlemmane i vennelaget skal få melding om årsmøtet på forsvarlig måte og minst 2 veker før årsmøtet skal haldast.

Framlegg som medlemmane ynsker handsama på årsmøtet, skal være styret v/ leiaren i hende minst 1 veke før årsmøtet.

Faste årsmøtesaker skal vere:

  1. Godkjenne innkallinga
  2. Velje ordstyrar og møteskrivar
  3. Godkjenne årsmeldinga til styret
  4. Godkjenne revidert rekneskap
  5. Ta stilling til kontingentar, arbeidsprogram og budsjett
  6. Handsame innkomne saker
  7. Val av styremedlemmer
  8. Velje varamedlemmer, revisorar og valnemnd
  9. Eventuelt andre aktuelle saker

Særskilt årsmøte må haldast når styret finn det naudsynt, eller minst ¼ av medlemmane sender skriftleg krav til styret om at ei særskild sak skal handsamast. Styret kallar inn til særskilt årsmøte på forsvarlig måte med minst ei veke varsel, og det skal oppførast kva som skal opp til handsaming.

§ 8 - Avgjersler i årsmøtet

Vedtak kan gjerast med vanleg fleirtal av dei medlemmane som er til stades.

Endringar eller tillegg i vedtekter skal handsamast av årsmøtet, og krev ⅔ fleirtal av dei medlemmene som er frammøtte.

Om det under røysting er like mange stemmer på to framlegg, vil leiaren si stemme avgjere utfallet.

Skriftlig røysting skal gjennomførast når minst 1/5 av medlemmane som er til stades krev det.

§ 9 - Tvistar

Eventuelle tvistar mellom vennelaget og grunneigarane skal prøvast løyst utan strid.

Om tvistar ikkje finn løysing, skal dei løysast ved voldgift. Sorenskrivaren tek då avgjersle etter at begge partar har fått lagt tvistemålet fram på sin måte.

§ 10 - Oppløysing av vennelaget

Framlegg om å løyse opp vennelaget må handsamast på to etterfølgjande, ordinære årsmøte.

Ein føresetnad for oppløysing er at minst ¾ av dei frammøtte på siste årsmøte krev det.

I tilfelle oppløysing, skal alle eigneluter i vennelaget tilfalle grunneigarane. Årsmøtet kan ta stilling til kva evt. økonomiske midlar kan brukast til.