Tilbake

Skorsteinen på våningshuset ferdig

Når taket på våningshuset var omtekt i 2008, vart ikkje skorsteinen ordna samstundes. Den øverste delen var i så dårleg stand at fornying var nødvendig om det skulle bli tett gjennom taket. For å gjere taket ferdig vart skorsteinspipa fjerna ned til loftet.

Alt i 2008 hadde vi transportert ut ein god del eldfast stein for å kunne mure pipa opp att. Tanken er at det med tid og stunder skal vere muleg å setje inn omn i stova som kan fyrast i.

Av ulike grunnar har det drege ut å gjere skorsteinen ferdig. Men no er det endeleg gjort.

Jan har på ein av dei tallause klosterturane snakka med murarane på klosteret om prosjektet, og dette resulterte i at ein av murmeistrane gjerne ville mure opp pipa på våningshuset.

Etter å ha teke ein tur i Årdalen laurdag 11. september for å gjere klart, fullførte murmeister John Cowell med hjelp av Jan m.fl. pipa mandag 13.9. Seinare har Jan og Kaare fått lagt helle på toppen, og Jan og Per skal avslutte prosjektet med å legge inn blykrage og legge taket ferdig rundt pipa 27. september.


Parallelt med dette er arbeidet med bakkemuren på tunet godt i gang. Sjølv om steinen ikkje er så lageleg for muring, skal muren bli bra og tunet fint.

26.9.2010
th