Tilbake

Dugnad i Aardalen

Fyrstkommande laurdag 9. august er det planen å bere takstein opp på taket og legge det ut i passelege «porsjonar». Dette vil lette arbeidet mykje for bygningsarbeidarane når taket skal tekkast i veka etter. Vi håpar derfor at nokre vaksne har høve til å stille opp på dugnad. Avtal gjerne med Jan Hammersvik (578 56 715 eller 991 54 707). Oppmøte kan då avtalast, men vi ser for oss at dugnaden kan starte mellom kl. 10 og 12.

Det er òg ein del rivningsmaterial som skal fjernast og transporterast til ein høveleg bålplass, så det er arbeid både for kvinner og menn.

Dugnad er kjekt, så møt opp med godt humør – litt arbeidslyst – og gjerne ein god nistepakke og drikke.