Tilbake

Taket tett på Flistra-lada





 

Laurdag 8. november drog ein liten dugnadsgjeng til Flister i 8-tida for å gjere eit viktig arbeid. Taket på lada har i lang tid vore utett i søre delen av mønet, og dette har ført til at ein del sperrer, trod og bjelkar har fått rotskader.

Lada fekk Aardalens Venner i gåve frå Arild Kvernevik. Bygget er frå same tidsperiode som lada i Årdalen, og i same storleik. Dei berande konstruksjonane (grinda) er for ein stor del i svært god material, og sjølv om noko no må skiftast ut, er bygget verdfullt med tanke på bygge opp at miljøet i Årdalen.

På førehand var det transportert material og stigar til Flister, men etter kvart som takarbeidet skreid fram vart det tydeleg behov for meir material. Kaare vart send til Bygger’n i Selje etter ny forsyning, slik at arbeidet kunne fullførast før mørket seig på etter kl. 16.  

Sidan mange sperrer var borte over «hanebjelkane», måtte nye sperrer spikrast opp. Til dette vart bruk 1” x 4” forskalingsbord. Dette kan verke spinkelt, men med same dimensjon på trodbord og god spikring, vart taket sterkt og stabilt.

Til sist vart det lagt ein presenning på 6 x 10 m over mønet. Presenningen er klemt fast og festa med tau, men sidan vi endå er usikre på korleis vindforholda er der lada står, må vi nok fylgje litt med framover.

Kaffi- og matpausene er viktig når det er dugnad.
Frå venstre: Kaare Aardal, Terje Hovden, Jan Hammersvik og Atle Nøstdal.

9.11.2008

th