Tilbake

 

Friluftsgudsteneste i Aardalen


Søndag 29. august 2010 var det friluftsgudsteneste i Årdalen for 3. gong på like mange år. Vi må vel snart kunne seie at dette er blitt ein tradisjon.

  

Aardalens Venner hadde på førehand gjort klart eit enkelt alterbord i hagen, og ordna med gode sitjeplassar for kyrkjelyden. Veret vart betre og betre mot kyrkjetid, og ein liten trekk gjorde det umogeleg for knotten å arbeide.


Tradisjonen tru gjekk Kari prest frå prestegarden til Årdalen på pilegrims vis. Vel framme vart pilegrimsstaven parkert, og presis kl. 11 kunne ho ynskje kyrkjelyden på 20 – 25 frammøtte velkommen. Preludiet vart vakkert spelt på trompet av Line Vederhus. Som for to år sidan var det ho som sytte for godt tonefylgje ved salmesong og liturgi.

Preiketeksten var i år Matteus 5. 38 – 42. Mektigare kulisser enn Årdalen kan tilby er vanskelege å finne, og når Line spelte «Ut mot havet» som postludium, var det ei mektig avslutning på ei fin gudsteneste.

Kyrkjekaffien var det Aardalens Venner som stod for. Kaffivatnet vart kokt på gamlemåten over open eld, og kombinasjonen nytrakt kaffi og fersk kringle smakte godt i solveggen med utsyn mot Sildagapet og Selje kloster.

Aardalens Venner nytta høvet til å fortelje litt om garden Årdal, om arbeid som er gjort og om arbeid som er planlagt. Etterpå fekk alle høve til å sjå seg om i våningshus og kårhus, og dei fleste skreiv seg inn i gjesteboka.

 

Vertskapet vart att ein god time for å rydde på plass. Tilbake i Selje vart ein pilegrim passert på veg til prestegarden.

Aardalens Venner takkar alle for besøket i Årdalen, og ser fram til å vere vertskap for friluftsgudsteneste neste år også.