Tilbake

Friluftsgudsteneste i Årdalen

Kari Leine Balog og Line Vederhus

Søndag 17. august 2008 var det for fyrste gong friluftsgudsteneste i Årdalen.

Om lag 40 personar fann vegen til Årdalen, der Aardalens Venner var vertskap for kyrkjelyden. Katedralen var denne gongen svært stor - gjekk frå hav til himmel, omkransa av steinurar, bratte fjell, gamle slåtteteigar og ein skog av lerk og furu ved fjellfoten. I bakgrunnen kunne ein høyre dei evige bylgjene rulle mot land. I katedralen var det ikkje benker, men likevel fann alle ein høveleg sitjeplass i hagen nedanfor våningshuset.


Presten vår, Kari Leine Balog, hadde gått frå prestegarden i Selje, men var framme i god tid. Og etter at fjellstøvlar, ryggsekk og vandrestav vart bytt ut med småsko og prestekjole, kunne gudstenesta starte nokre minutt over kl. 11. Kari hadde teke med ein gammal bibel til Årdalen, slik at teksten som vart lesen frå 5. Mosebok (10, 17 – 21) truleg var slik som dei siste oppsitjarane i Årdalen kunne lese han for over 50 år sidan.

Line Vederhus sto for tonefylgje gjennom gudstenesta. Både ord og tonar bar lett fram til dei frammøtte utan korkje mikrofonar eller høgtalaranlegg.

Etter gudstenesta kunne Aardalens Venner by på kyrkjekaffi. Knotten fann ut at no var det helgefred, noko alle sette pris på.

Terje Hovden orienterer Coop hadde sponsa med både kaffi, gode kringler, grillpølser og alt som høyrer til. Medan kaffien vart trekt og grillen vart varm, orienterte Terje Hovden litt om venneforeninga Aardalens Venner, om det arbeidet som er gjort i Årdalen, og ikkje minst om arbeid som kjem. Det er viktig no å gjere bygningane tette slik at dei ikkje står på skade, og samstundes passe på at alt blir gjort tidsmessig rett. Sidan foreninga ikkje har midlar sjølve, vil framdrifta vere styrt av storleiken på dei tilskota ein kan få.

Det var rikeleg med både mat og drikke, og folket kosa seg i sola medan praten gjekk. Alle bygningane i Årdalen var opne, slik at alle som ville kunne sjå korleis dei levde her for snart to mannsaldrar sidan. Nokre brukte også høve til å vitje Rydjajorda, og nokre gjekk vidare til Liberra i finveret. Men dei fleste gjekk stranda tilbake til Skårbø, der bil eller sykkel tok dei heim etter ein minnerik dag.

Men Kari prest gjekk med vandrarstaven i hand tilbake til prestegarden i Selje, i visse om at dette ikkje var siste gongen det skal vere friluftsgudsteneste i Årdalen. Vi gledar oss - takk til alle som var med.

 

Terje Hovden