Tilbake

Geitefjøset

I lang tid har vi snakka om at det skulle ha vore rydda litt i geitefjøset.

No er dette arbeidet oppstarta. Atle og Jan har rydda i gamle garn, tau, gamle vindu og materialer.

Det heiter i songen at «d’ e’ mykji som kjæm fram når snøen forsvinj», og slik har det også vore i geitefjøset etter kvart som golv og innreiing kom fram etter rydding.

Gong på gong kan vi registrere og glede oss over at Årdalen er eit bruk der godt handverk har vore vanleg. Detaljane viser at her har alt arbeid vore gjort skikkeleg og med flid. Det vitnar òg om at det vart lagt vekt på at også dyra skulle ha det godt.

All skrapmaterialen som no er rydda til side må vi få ut . Det beste hadde vore om vi kunne lage eit skikkeleg bål i løpet av våren. Når alt er fjerna, vil vi stå att med eit stort lokale som vi m.a. kan bruke til utstilling av alle gamle ting som er att i Årdalen. Kanskje kan det også lagast eit langbord og benker slik at bygget kan brukast til andre ting?

07.02.2009 th