Tilbake

Friluftsgudsteneste i Årdalen

Søndag 23. august 2009 vart det for andre gong halde friluftsgudsteneste i Årdalen.

Om lag 35 personar tok turen
i fint ettersommarsver. Som i fjor gjekk Kari prest på ekte pilgrimsvis heile vegen frå Selje prestegard til Årdalen.

Aardalens Venner hadde ordna med eit enkelt alterbord i den vesle hagen, og kyrkjekaffien var alt under koking når Doris Hammersvik på vegne av vennelaget kunne ynskje alle velkomne «til gards».

Etter at Kari prest hadde skifta pilgrimsklede med ornat (prestekjole), song forsamlinga mot lyden av storbåra under leiing av den organisten vår,

Jon Inge Sigerland. Deretter heldt Kari prest andakt.

Etter at «kyrkjelyden» hadde fått den åndelege føda, var kaffien klar. Som i fjor hadde Coop sponsa både kaffi, kringler, pølser og brød. Kaare Aardal var grillsjef på eigenprodusert grill. Som alltid smakar det godt med noko å bite i når ein er på tur og i godt lag.

Takk til alle som hjelpte til og gjorde det mogeleg å gjennomføre endå ei fin gudsteneste i Årdalen. Takk til Roald Halsør og Coop Prix som sponsa maten.

Aardalens Venner ser fram til å vere vertskap for friluftsgudsteneste neste år også.
  TH 04.09.09