Tilbake

Helikoptertransport til Aardalen


Tirsdag 29.4. kom Air-Lift for å frakte material og takstein til Årdalen.

Per Arne fekk med seg Svein Bortne og ein kamerat frå Tjørvåg (Børre Bentzen) slik at dei kunne vere ein mann på Skårbø for å henge på last, og to mann i Årdalen for å ta imot lasta.

Sjølve transporten (i alt 7 hiv) gjekk svært fort, så dette var effektivt. Per Arne nytta elles høve til å ta seg ein helikoptertur for å filme Årdalen frå lufta.

Dermed er material, takstein, murstein og mørtel til pipe, bly, spikar + ein sekk torv komme på plass. Så får vi håpe på godt ver når taket skal ordnast.

 

Terje Hovden