Tilbake

Material etc. klargjort til helikoptertransport

Dei som har vore på tur til Skårbø i det siste har sikkert registrert at det står lagra både material og takstein på vegenden.

Det er Atle, Kaare og Jan som har ordna dette. Som vi tidlegare har meldt har Aardalens Venner fått raud teglstein av same type som er nytta i Årdalen både i Vågsvåg (ca. 1000 takstein ~ 50 m2) og på Bryggja (ca. 700 stein ~ 35 m2). Dermed har vi nok takstein til å heile taket. No er det eternit på eine taksida (mot sjøen).

Teglsteinen vart lagt forsiktig over i kraftige saltekar for å tåle transport både med bil og helikopter. Saltekara har vi fått låne av Selje Fiskeindustri.

Sjølve transporten hjelpte Fiskevegn oss med, og Svein Bortne stilte opp som sjåfør. Aardalens Venner takkar alle desse for støtte – dette er hjelp som vi er svært takksame for, og som betyr mykje for laget.

Også materialen som er innkjøpt til vøling av taket (m.a. trod og nokre nye sperrer) er også på plass i passelege hiv for helikoptertransport. Det blir også ein del kilo spikar, papp og bly som blir med på lasset. Pipa må fornyast over taket.

 

Kaare har laga ein stor grill og ein suppekokar som vi skal ha i Årdalen. Vi gler oss til å kunne ta dei i bruk ved eit passande høve.

Vi ventar no på helikoptertransporten. Vi håpar at Air-lift skal ha oppdrag i nærleiken, slik at transporten blir så rimeleg som råd. Med materialane på plass skal Terje Edvardsen og Jan Petter Venøy utføre takarbeidet på våningshuset no i vår.

27.4.2008

Terje Hovden