Tilbake

Rydding i fjøset i Årdalen

I vinter har Jan hatt mange timar arbeid med å rydde inne i fjøsmurane som står att etter driftsbygninga. Også Atle har vore med på dette arbeidet.

Når driftsbygninga rasa saman, vart fjøset fylt opp med materialrestar, takheller, torv og diverse anna som sto i bygninga.

Som de kan sjå av bildet, er det det no sortert i dette. Fjøsgolvet er støypt, og det er og funne båsar med treplatting under.

Materialane som er plukka ut er naturlegvis berre å få brent opp, men steinhellene og molda må vi ta vare på. Deler av treskmaskina låg inne i muren, men dette er så opprusta at det ikkje er noko å ta vare på.

07.02.2009 th