Tilbake

 

Fyrste slåtten rekordtidleg i år

 

Palmelaurdag var fem nyslipte stuttorvar i sving i Årdalen, handtert av Ingvild, Sveinung, Kaare, Per Arne og Jan. Litt tidleg å slå i byrjinga av april? Nei, ikkje i dette høve. Det er ikkje dyrefôr som vert hausta, men einstape og visna gras frå i fjor. Alt blir raka saman etter slåing, og klargjort for brenning eller kompostering.

 

Tanken er å slå nokre engteigar i Årdalen for å få tilbake same vegetasjonstype som var i den tida det var gardsdrift. Einstapen er spesielt viktig å få vekk, fordi den har eit rotsystem som fortrengjer andre vekstar, og elles gjev dårlege veksttilhøve (lagar mykje skugge). Dette prosjektet skal Ingvild fylgje tett, slik at vi år for år får dokumentert resultat av arbeidet.

Sidan Årdalen ligg innanfor det området som er med i nasjonal plan for kulturlandskap (jf. heimesida), er dette arbeidet i tråd med intensjonane bak planen. Årdalen er på mange måtar spesiell, og vi synes det er kjekt at det også utanfor kommunen er sterk interesse knytt til denne perla. Ingvild er vår fremste ambassadør i denne samanheng.

 

Ideelt sett burde vi ha stelt heile innmarksarealet i Årdalen. Noko må vi slå, og det blir også behov for beiting. Etter kvart som einstapen får dårlegare forhold, vil m.a. jordnøtt og kusymre få tilbake

vekstvilkår dei trivst med, likeeins grassortar som var på desse engene tidlegare.

 

Framover blir det nok mange dugnadstunder i Årdalen, spesielt på laurdagar. Om det er nokon som har lyst å vere med, er dei hjarteleg velkomne. Vil du bli kontakta, send ei melding til Jan – tlf. 57 85 67 15 eller 991 54 707 / jan-ham2@online.no

 

Dugnad er ikkje berre arbeid i hyggeleg selskap, det er også kaffiøkter.

 

04.04.2009

th