Tilbake

SMIL-midlar frå kommunen

 

3.8.2008: Aardalens venner fekk i skriv datert 15.7.2008 melding om at kommunalutvalet i møte 19.5.2008 har tildelt kr 33.000,- til vedlikehald av våningshus og kårhus i Årdalen.

Det er eit vilkår for tilskotet at alt utvendig arbeid blir utført slik at bygningane ikkje endrar karakter i antikvarisk tyding.

Aardalens Venner er naturlegvis takksame for dette tilskotet. Det er ekstra kostbart å drive vedlikehalds- og restaureringsarbeid på ein veglaus plass. I tillegg kjem at det er meir tidkrevande når bygningane skal førast tilbake til same utsjånad som dei hadde tidlegare.

Aardalen