Tilbake

Statusrapport takreparasjon

3.8.2008: Siste veka har det vore godt arbeidsver for takarbeidet i Årdalen. Taksida oppover er no reparert og klar til tekking med takstein.

Men før det blir gjort skal taket mot sjøsida gjerast klar. Eternit-platene skal fjernast, og trod / sperrer skal sjekkast for rote eller andre skadar.

Deretter skal det leggast papp, og når rekter og lekter blir lagt ut, blir taket retta opp så godt som mogeleg.

I dag er vi av mange grunnar nøydde å «fuske litt i faget» når vi skal arbeide på gamle bygg. Såleis brukar vi no fiberarmert papp (blå på bildet over) mellom takstein og trod for å få ein tett membran, medan dei tidlegare berre nytta bjørkenever. Neverflaka vart lagde med omskøyt og tråkla saman for å ligge på plass – dette var ikkje gjort lettvint (sjå bildet)!


Terje Edvardsen og Jan Petter Venøy

No ligg neveren utlagt under pappen, slik at ein frå loftsromma vil sjå never i glippene mellom trodborda. På den måten har vi i alle høve teke vare på neveren, og det som blir synlig ser ut som før.

Sist veke vart det også transportert ut takrenner til Årdalen.

I tillegg til dei to bygningsarbeidarane vi leiger til arbeidet, har Jan Hammersvik hatt mange dugnadstimar innimellom arbeid på klosterbåten.

Terje Hovden