Tilbake

Taket på våningshuset er ferdig

Våningshuset har no fått raud teglstein på begge sider, og som bilda viser vart bygget mykje finare.

Takarbeidet var ferdig 22. august. Før hausten er omme må vi prøve å få male vindskeiene og dekkborda slik at dei er klar til vinteren.

Vi må bestemme kva farge huset skal ha. På gamle bilde kan det sjå ut til at nedste veggen hadde ein okerliknande farge, medan gavlveggen innover er lys (kvit?) med lys blå lister.

Det kan også sjå ut til at det tidlegare var nytta dekkbord på mønet òg, og ikkje mønebeslag. Dette får vi evt. rette på når vi seinare skal føre skorsteinspipa over tak.

Endå står stillaset oppe. Planen er at vi skal få til ein dugnad og lagre stillasmaterialen i geitefjøset. Før det må det ryddast litt der.

Elles må saltekara vi lånte for å frakte ut taksteinen leverast

tilbake. Desse må vi få på sjøen og slepe dei til ei kai der dei kan heisast opp.

Aardalens Venner føler at vi har lagt eit viktig arbeid bak oss med takreparasjonen. Vi søkjer no om midlar til å kunne setje inn nye vindauge etter kopi av dei originale, og skifte dårleg kledning. Når dette er gjort, vil våningshuset huset bli eit stasbygg.

Takk til alle som har støtta arbeidet. Dugnad kjem alltid vel med om det berre er få timar ein kan avsjå.

14.9.2008