Takreparasjon i gang i Årdalen

27.7.2008: Siste veka har det vore arbeid på våningshuset i Årdalen. Det er Jan Petter Venøy og Terje Edvardsen som har teke på seg arbeidet med å tekke om taket.

Det har vore lekkasjar i taket i lang tid. På sjøsida har taket vore tekt med eternitplater, og det har til no vore tett. Men på oppsida (sjå bildet) har det vore fleire lekkasjar, og eit parti har mangla stein.

No er all taksteinen på oppsida fjerna, og rotskada trod og sperrer blir fornya. Alt blir gjort med same dimensjonar som det som blir skifta ut, og så likt som mogeleg i arbeidsmåte. Også taksida mot sjøen skal takast att, slik at det blir raud teglstein på heile taket. Skorsteinen skal murast på nokre lag samstundes.

Arbeidet med taket er det som er prioritert i år, og vi håpar på godt ver til taket er tett.

Det neste som står for tur då blir å skifte bordkledning og vindauge. Reidulf Ervik har teke på seg å produsere dei nye vindauga til våningshuset etter mål av dei som sto i huset frå fyrst av. Dette arbeidet er i god gang.

Om det er nokon som har tid og høve til å vere til hjelp i Årdalen, er det fint. Arbeidet går mykje lettare med ein eller to ekstra handlangarar for å sende opp trodbord, lekter osv.

Terje Hovden