Tilbake

Statusrapport - arbeidet med taket på våningshuset

17.8.2008: Arbeidet med taket på våningshuset nærmar seg no fullføring. Nedste taksida er tekt, og det står igjen litt på oppsida. Så skal det leggast mønebeslag, og kantbord som avslutning mot vindskeier.

Sist veke har det vore dugnad for å legge takstein ut på det ferdig opplekta taket, slik at det skulle lette arbeidet til bygningsarbeidarane. På bilde tek dugnadsgjengen ein velfortent «pust i bakken», og kan samstundes nyte velgjort arbeid.

Veret har vore vekslande i arbeidsperioden. Når knotten har vore for hissig, har mygghatt vore nødvendig. Det har heller ikke vore fritt for at regnklede har komme på.

Likevel har Terje Edvardsen og Jan Petter Venøy fått taket tett og med god framdrift. Å vøle på gammalt er ikkje alltid «rett fram», spesielt ikkje når det er viktig å holde på gammal byggemåte.

Jan Hammersvik har fylgt opp arbeidet for Aardalens Venner.

  Terje Hovden