Tilbake

Brenselstorv

 

Laurdag 26. april fekk Aardalens Venner overta gammal brenselstorv som har vore lagra på «Kile-jorda» på Liset. Stor takk til Kåre Hamre.

Terje henta torva og fekk køyrt bort i alt fire store tilhengarlass til lagring. Når vi seinare får ordne oss med nødvendig lagerplass i Årdalen (restaurert torvhuset?), skal torva fraktast ut dit.

Torv var det naturlege brenselet til koking og oppvarming i Årdalen i tillegg til rekved som vart skylt i land.

02.05.2008

Terje Hovden