Tilbake

Dugnad på torvhuset nedanfor Liberr-støylen

Laurdag 12. mai 2007 hadde Aardalens Venner ein dugnad på torvhuset som står på reina ved Liberr-støylen. Taket på torvhuset svikta for nokre år sidan, og murane hadde også ein del skade. Myrområde ved Liberr-støylen har tidlegare vore brukt til å ta ut brenselstorv. Når torvet var tørt, vart det lagra i torvhuset på reina. Når fyringssesongen starta, vart torvet sendt ned på løypestreng. Fyringssesong var det meir eller mindre heile året i Aardalen. Utan straum måtte det fyrast i omnen når det skulle kokast eller steikast brød.

Styret bestemte i fjor at vi skal prøve å få torvhuset tilbake til same stand som det tidlegare har hatt. Det er viktig å ta vare på dette, fordi det er ein del av dei nødvendige husa som tilhøyrde Aardalen i den tida det budde folk der.

Arbeidet starta i fjor haust med at Jan og Kaare laga sju kraftige sperrer. Dei fekk desse ut på Rydjajorda sjøvegen, og på ein dugnad i fjor haust sleit Dag, Atle og Terje opp to sperrer. Høgdeforskjelen frå naustet på Rydjajorda til torvhuset er ca. 200 m, og stigninga kjennest når det er tungt å bere. Kaare funderte derfor på korleis vi enklast skal kunne bere sperrene opp, og med nokre enkle berehandtak løyste han problemet.

På bildet frå venstre: Atle Nøstdal, Kaare Aardal, Severin Grepstad, Jan Hammersvik og Sveinung Grepstad.

I fjor haust og tidlegare i vår vart deler av muren på torvhuset riven og bygt opp igjen. Ein del av muren oppover var også rausa ned. Med eit par dugnader og bruk av slegge, spett og ikkje minst rå styrke, kom muren opp att. Takhellene var stort sett heile, og vart stabla opp og gjort klar til gjenbruk.

Torvhuset før dugnadane starta.

Og så altså dugnaden no 12. mai. Dugnadsgjengen var i minste laget, fordi det måtte vere to på kvar sperre. I tillegg skulle det berast opp tre lange bord. Dette vart løyst ved at to sperrer vart borne så langt ein orka før mjølkesyra «kom opp til augene». Så kvilte karane mens dei gjekk ned å henta dei to siste. På denne måten sleit vi opp dei fire sperrene, tre bord og fire ryggsekkar med verktøy og niste – reine intervalltreninga hevda Sveinung Grepstad frå Sykkylven. Han og kona er medlemar i Aardalens Venner. Kona Kjellfrid har ein bestefar som vaks opp i Aardalen, og no måtte mann og son gjere pliktteneste. Det var to positive og arbeidssame karar vi fekk møte.

Dugnaden starta kl. 14.00 med oppmøte på snuplassen på Skårbø. Kl. 20.30 var vi tilbake på snuplassen. Alle sperrene lå no ferdig tilpassa på muren, og vi var ikkje lite fornøgde med kor effektive vi hadde vore.

Terje og Sveinung i arbeid – no er det klart til å legge hellene på plass.

 

Terje Hovden